Jenny Zett skriv eigne låter, og skal ha sleppkonsert for sin debut-EP 10.september. Foto: Marie Blindheim.

Satsar alt på plan A

Musikken er sjølvsagt. Men for Jenny Zett er det alt eller ingenting.

Ei bratt ståltrapp fører ned til ei tung, raud dør. Den rungande sentrumstrafikken er lågare her, mellom dei høge bygningane, men den forsvinn ikkje heilt før ein har lukka døra bak seg.

– Døra må trykkast skikkeleg igjen, seier Jenny Zithulele Haugen, som går under artistnamnet Jenny Zett.

Ho går innover i gangen. Det er ei tett, stram lukt, som ein truleg finn i dei fleste kjellarar i Oslo sine eldre bygningar.

Jenny går til ei av dørene i kjellargangen, og tek fram ei brikke ho bruker til å låse den opp med. Ein må opne opp to dører for å kome inn, og når lyset slåast på, kjem eit lite rom med lågt tak til syne. Dei mange ledingane som heng på veggane, og høgtalarar og miksebord som står på golvet, gjer det vanskeleg å ikkje skjønne kva dette rommet brukast til.


Øvingslokalet Jenny leiger ligg på Pilestredet. Foto: Marie Blindheim. 

Når dørene er lukka igjen, skrur Jenny på ei vifte, begynner å kople opp ein mikrofon, og skrur på miksebordet. Raskt og effektivt trykker ho på forskjellige knappar, medan ho stiller inn mikrofonen akkurat slik som ho vil ha den.

Alt eller ingenting

– Er det nokon som ikkje er usikker på musikklivet er det noko gale, ler Jenny.

Ho fortel at ikkje alle veit heilt kva dei går til når dei satsar på musikk, inkludert henne sjølv.

Jenny seier at ho hadde ei aning om at det ville bli krevjande, med mykje arbeid og lite fritid.

–  Men eg har alltid visst at det er musikk eg skal drive med, fortel ho.

Jenny er frå ein musikalsk familie, og på begge sida av slektstreet er musikkinteressa tydeleg. Det har derfor alltid vore mykje musikk i livet hennar frå ein tidleg alder.

– Eg kan alltids ta opp litt fag og bli plantevitar viss det går dårleg. Men det er ikkje ein plan B, heller meir som ein plan G, seier Jenny.

Det er musikken som er verd å satse på.  


Jenny leiger øvingsokale saman med fleire andre musikarar. Foto: Marie Blindheim. 

Jenny starta med cello i tredje klasse, noko som skulle vise seg å vere ein viktig del av den musikalske reisa hennar. Men om det var ho sjølv eller mamma Kirsti som var pådrivar for å starte på cello får ein ikkje eit skikkeleg svar på.

– Det er ein pågåande debatt i familien min, ler Jenny.

Ho fortel at søstera hennar er bestemt på at det var mora deira som pressa henne til å begynne med cello, men Jenny hugsar det som eit val ho tok sjølv. At det var eit bra val er uansett sikkert. Celloen har nemleg vore svært mykje verd å ha i verktøykassa.

– Om mamma snikpressa det på meg, så går det eigentleg fint, seier Jenny og ler.

Mamma Kirsti kallar dottera si for ein multiinstrumentalist. Det er av god grunn.


Sjølv om musikklivet kan vere krevjande, er det ikkje tvil om kva Jenny vil drive med. Foto: Marie Blindheim

Jenny fortel at ho alltid har vore interessert i musikkinstrument, og å setje seg inn i nye instrument ho aldri har prøvd før. Ho trommar i lufta og ristar på fiktive instrument medan ho forklarar kva for instrument ho pratar om. Det er ikkje alle instrumentnamna som er allmennkjende, men forklaringa med miming i lufta gjer sitt.

– Det er bra for hjernen å prøve nye ting, forklarar ho.

Sjølv om interessa er der, er det ikkje alltid ho kjem så langt som å faktisk lære seg dei. Gitaren, celloen og stemma hennar er dei instrumenta ho er tryggast på.

Jobbar 24/7

–  Slik det er i dag er musikken på ein måte den minste jobben, seier Jenny.

Ho trekk fram promotering av seg sjølv via Instagram og TikTok, og å sende søknadar og e-postar til konsertlokale for å kunne spele fleire konsertar. Dagane som artist blir ganske varierte, og Jenny må styre dei sjølv.

–  Ein dårleg dag er ein dag der eg ikkje får gjort noko, seier Jenny.

Ho seier også at ein god dag kan vere så enkel som å arbeide frå ein kafé. Dette har Jenny gjort tidlegare på Espresso House på Torshov, ikkje så langt unna der ho bur. Her kan ho kome seg ut av kollektivet ho bur i, og få seg ein kopp kaffi i same slengen.

–  Eg liker ikkje å jobbe heimanfrå, seier Jenny.

Likevel er det vanskeleg å legge vekk jobben, og det blir av og til litt gitarspel på sengekanten.

Ho fortel at rommet hennar ofte ikkje set ut, fordi ho stort sett alltid er logga på jobben, eller brukar ledig tid til å slappe av. Det er alltid ein e-post som skal sendast eller ein fotoshoot som skal gjennomførast.


Musikkintrument har lenge vore ei interesse Jenny har hatt. Foto: Marie Blindheim. 

Utanfor Espresso House på Torshov rungar bystøyen. No og då køyrer trikken forbi, og éin og annan motorsykkel gjer det umogleg å høyre kva som blir sagt. Folk går ut og inn av den nokså sentrale kaféen. Nokre blir sittande ei lita stund ute i den varme seinsommarsola, før dei går vidare nedover mot Grünerløkka.

– Espresso House er ein fin stad å sitte for å skrive notar, seier Jenny.

No som ho har sleppt ny musikk, jobba ho fram til ein sleppkonsert ho hadde 10. september. Her hadde Jenny med seg ei venninne som spelte cello, og ho måte ordne med notar til henne.

– Det er vanskeleg å spele gitar og cello samtidig, så derfor må eg ha med meg ei som kan ta cellobiten, ler Jenny. 


For å få riktige lydar, må ein av og til vere kreativ med musikkutstyret. Foto: Marie Blindheim.

Det var på Viken musikkfolkehøgskule ho først starta aktivt med låtskriving, men på høgskulen Westerdals starta ho sitt offisielle prosjekt under namnet Jenny Zett. Men valet om å satse på artistkarrieren har ikkje vore sjølvsagt for den unge musikaren.

Valet som måtte takast

Tilbake i øvingslokalet klimprar fingrane til Jenny på gitarstrengane. Lyden fyllast av gitarspel. Etter eit kort førespel høyrer ein ei mjuk stemme som kjem ut av høgtalarane. Ho lukkar auga. Kvart ord formidlast med stor innleving. 

Jenny fortel at ho tidleg i studenttida var oppvarmingsartist for eit band som skulle ha sleppkonsert, der ho fekk høyre at ho burde satse på artistkarrieren. Ho var svært usikker på om det var vegen å gå, sidan ho også spelar cello.

– Eg hadde to delar i det å vere musikar, både artist og bruksmusikar, fortel Jenny.

Ho trekk fram at det kanskje er meir inntekt i å vere bruksmusikar. Det vil seie at andre artistar leier ho inn til å spele med dei når dei treng det. Samtalen på denne konserten fekk Jenny til å tenkje over kva ho eigentleg ville.

– Eg er jo hovudsakleg bruksmusikar, sa eg då. Den artistgreia kjem litt på sida, og er meir for gøy, fortsett Jenny.

­Den negative responsen ho fekk på å ikkje ville satse som artist fekk jenny til å tenkje. Skulle ho satse på artistkarrieren? For å kunne satse på å bli artist, måtte ho prioritere det og verkeleg ha lyst til det.

–  Det sat ein støkk i meg, fortel Jenny.

Ho forstod nemleg at ho måtte ta eit val.

For å satse på artistkarrieren måtte ho velje om ho skulle skilje det å vere cellist med det å vere artist. Skulle ho bruke artistnamnet berre som artist?


Sjølv om ein kan tene meir som bruksmusikar, er det artistlivet som fristar mest. Foto: Marie Blindheim. 

– Eg tenkte i starten at eg burde skilje det frå kvarandre, men etter kvart bestemte eg meg for at; nei, eg er ein pakkedeal, fortel ho.

Artistnamnet Jenny Zett kjem frå fornamnet hennar, Jenny, og ei forkorting av mellomnamnet hennar Zithulele. Dette mellomnamnet fekk ho etter ein tur med foreldra sine til Sør-Afrika, som ho var med på då ho var tre månadar gamal.

På denne turen møtte dei ei dame som tydelegvis nettopp mista sitt eige born i ei trafikkulykke. Ho ville kjenne på det å vere mor igjen, og å ha eit lite born i armane igjen. Den dagen var Jenny svært roleg, og den sørafrikanske dama gjekk og bar henne heile dagen.

– Då ho la meg tilbake i vogna igjen, kalla ho meg Zithulele, seier Jenny.

I Sør-Afrika er det slik at personen som gir namnet til babyen bestemmer tydinga av det. Den sørafrikanske dama hadde sagt at Zithulele tyder «den lille som er stille».

– Så då er tydinga det for meg, fortel Jenny.

Foreldra hennar ville ta vare på dette mellomnamnet, og dermed er Zett med vidare som artistnamn også.

Hanka inn av Trygve Skaug

Sjølv om Jenny no satsar som artist, har ho ein deltidsjobb for sikkerheits skyld.

– Eg skal ikkje legge skjul på at det er stressande til tider, og at eg av og til tenkjer at eg burde hatt eit oppdrag igjen, slik at det går rundt, innrømmer ho.

Likevel er Jenny oppteken av å ikkje ta på seg for mange oppdrag berre for pengane si skyld. Det er fordi det kan kome i vegen for dei oppdraga ho verkeleg har lyst å gjere.


No satsar Jenny for fullt på artistkarrieren. Foto: Marie Blindheim

– Det er ein balansegang ein må forhalde seg til, å kunne sei ja til det som verkeleg gir ein noko, forklarer ho.

Jenny ønskjer å bli flinkare til å seie ja det det ho vil ha meir av, og som ein kanskje blir spurt om igjen. Ho trekk fram både innspelingar, noko til radio, og til film som slike oppdrag.

Eit slik oppdrag fekk ho i 2020 då ho spelte ein konsert med Trygve Skaug i Oslo Spektrum. I tillegg gav ho ut ei låt saman med han i anledning ein julekalender. Her var konseptet at ein etablert artist og ein «up-and-coming» artist skulle samarbeide på eit prosjekt. 

Mål om å kome seg ut av landet

No etter at Jenny har gitt ut ny musikk er det sleppkonserten hennar som er neste store som skal skje.

– Det blir noko også ein sleppfest der, ute i dei seine nattetimane, legg ho til. 

– Etter det er det full trøkk med turnéen eg skal vere med på, fortel Jenny.

Vidare skal ho vere med som cellist på turnéen til Kristin Minde, som er ein etablert artist og låtskrivar.

På denne turnéen skal dei ein tur innom Grimstad, som er heimstaden til Jenny. Derfor skal ho få lov til å ta fram gitaren og spele nokre songar som artist i løpet av denne konserten.

– Då blir det ein kombinasjon med det å vere cellist med henne, men også kunne gjere noko av mitt eige. Så det blir gøy, seier Jenny.

Ho legg ikkje skjul på at ho ønskjer å kome seg ut til verda sine store scener. Sidan mykje av inspirasjonen hennar kjem frå Storbritannia, er det dit ho vil at musikken skal føre henne. 

Før dette venter ein sleppkonsert. Tonane av musikken hennar fyller øvingslokalet. 


Jenny Zett ønskjer seg ei karriere utanfor Noreg. Foto: Marie Blindheim.