Liv Astrid Dahl valte å kjøpe minihus mellom anna på grunn av moglegheita til å flytte det. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim.

Tak og fire veggar – men inga tradisjonell buform

Desse huseigarane veit å nytte plassen rundt seg. Bustadane deira er nemleg så små at dei kan flyttast med bil.

– No lukkar eg her, det vart litt kaldt. 

Sandra Constance Tivander (25) klatrar ned frå trappa ho sit på, og tar på seg nokre brune tøflar før ho dreg igjen den doble glasdøra. Huset ristar litt.

Dette står nemleg ikkje på grunnmur, slik som hus tradisjonelt sett gjer. Det står på ein tilhengar med fire hjul.


Sandra Constance Trivander og Erik Svenningsen lever og bur saman på 18 kvadrat, pluss hems. Paret liker å prøve ut nye ting, og meiner sjølv at dei er litt alternative. 
– Vi kunne like godt prøve dette her også, seier Trvander. Svenningsen arbeider som gartnar, medan Trivander studerer naturmedisin. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Med sine 7,2 meter i lengda og like over 2,5 meter i breidda, kan det flyttast med bil når eigarane sjølv ønsker. Saman med kjærast Erik Svenningsen (25) flytta ho for alvor inn i august.

Kreative løysningar

Også Liv Astrid Dahl (33) er minihuseigar. Funkishus er kanskje den mest korrekte nemninga av det utanom. Berre i liten versjon.

Treverket er behandla med jernvitrol, og huset har difor begynt å få eit slitt, men moderne uttrykk på utsida. På sine tjueein kvadrat innandørs finst gips på veggane, flater i treverk – og mange finurlege løysingar for plassoppbevaring. 


Minihuset til Dahl. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

På totning forklarer ho dei ulike mekanismane.


Liv Astrid Dahl arbeider som dirigent, og bur til vanleg i leiligheit i Oslo med mannen sin. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Heile trappa er jo eit skap eigentleg. Eller mange skap, seier Dahl.

Ho opnar eit av dei største.

– Her har eg i alle fall nokre klede. Dei som eg ikkje har tatt med meg vidare. Det betyr kanskje at eg eigentleg ikkje treng dei, ler ho.

Sjølv om det opphaveleg var planen, flytta ho aldri inn fast.

Kreativ av å bu i minihus

Minihuset til Svenningsen og Tivander ber preg av kvardag. Ei hylle med berre levande planter heng på veggen over kjøkkenbenken. Ametyststein ligg i vindaugskarmane, ein datamaskin og ei papirbunke under ei heimelaga hylle på hemsen.  

– Vi driv framleis med å finne ut av løysingar og lagring. Ein må jo bygge mykje sjølv og ein kan ikkje berre setje inn møbler her og der, seier Tivander engasjert. 

– Alt må ha to eller tre hensikter, legg sambuaren til.


Små hyller for oppbevaring på badet heime hjå paret. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Til dømes er det moglegheit for oppbevaring i sitjebenkane, som no har skinnfellar liggande over seg. Dei meiner ein vert kreativ av å bu i eit slikt hus, og dei prøver å kjøpe mykje brukt. 

– Ein ser lengre enn ikeahyllene liksom, seier Svenningsen.

Men hyller på veggen er det ikkje mangel på. 

Heimelaga hyller med esker til oppbevaring heng høgt oppe på den fremste kortsida. På baderommet er tannkostar plassert i eit syltetøyglas, festa til ei vegghengt treplate. Krydder, kaffi og teskeier står plassert på ei hjørnehylle i kjøkkenkroken. Dette er ein måte å nytte plassen på.

Aukande trend – men framleis nisje

Norske Mikrohus er ein stor aktør på marknaden, og etablerte seg i 2018 som eitt av dei første for produksjon av minihus i Noreg. På si nettside skriv dei at omsetjing og produksjon aukar årleg.

Dei har selt om lag 110 hus sidan starten, der 80 prosent av kjøparane bur der fast. 

Sjølv om trenden er aukande, er det altså framleis ein nisje i Noreg, om ein tar utgangspunkt i desse tala.


Mange minihus er designa slik at ein søv på hemsen. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Færre ting

– Oi, der er den ja.

I ei av dei nedste kjøkkenskuffene i minihuset til Dahl, ligg ei presskanne i lite format. Ho tar opp mobilen sin.

– Eg skal sende bilete og berre «fann du denne nokon gong?».

Ei venninne lånte nettopp huset hennar i ei veke. 

Å gløyme plasseringa for stort og smått er vanleg i dei fleste husstandar. Men i dette litle huset er det nesten overraskande. Å planlegge ein livsstil i minihus, krev nedskalering av eigedelar.  


Denne sofaen kan nyttast som oppbevaringsmøbel, og kan slåast ut til ein sovesofa. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Eg liker tanken på at alt eg skal eige og ha anten har ein veldig praktisk funksjon, så eg  ha det, eller at eg vert lei meg om eg mistar det, seier ho, samstundes som ho tel poenga sine på tommelen og peikefingeren.

Også Tivander og Svenningsen måtte gå gjennom ei minimering av eigedelar. 

Tivander har på seg ein kvit topp og ei lys dongeribukse, to nøye utvalde plagg. Det mest utfordrande med nedskaleringa var å gjere garderoben mindre. 

– Å endeleg klare å gi slepp på det var veldig deilig, seier ho. 

Ombestemte seg

Minihuset til Dahl ligg like ved eit bognande epletre i sesong. Begge delar i den solfylte hagen til svigerfar. 

I oktober 2020 stod det ferdig. Tidlegare på året hadde ho møtt han som no er mannen hennar. Ho enda med å aldri flytte fast inn i huset.


Delar av klesskapet i trappa. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Har de lyst til å flytte hit etterkvart?

– Nei, vi kjem ikkje til å gjere det, seier ho.  

Ho trekker fram at mannen hennar nok ikkje er laga for å bu i minihus, og meiner at det ville ha vore upraktisk med tanke på oppbevaring av sportsutstyr og turutstyr. Men planen er ikkje å selje huset. I alle fall ikkje enno. Draumen er å ha moglegheit til å behalde det, og nytte det som til dømes hytte.

Tung start

– Vil du ha vatn eller kaffi?

Tilbake i minihuset til paret, breier ei during seg over heile huset idet Tivander fyller vatn frå ein kvit slange ved vasken. 

– Det er berre trykktanken, forklarer Svenningsen. 

I 2021 kjøpte dei kvart sitt minihus. Sidan november i fjor, har Svenningsen sjølv bygd innsida av huset sitt. Huset til Tivander er deira neste prosjekt, men i første omgang har dei felles bustad hjå Svenningsen. Prosessen med å flytte inn og å venne seg til den minimalistiske buforma saman, har vore litt utfordrande. 

– Det som var vanskelegast var at det var så mykje rot. Det var ingen stader å sitje, og eg blir veldig sliten i hovudet viss eg har rot rundt meg, seier Tivander.


Det er ikkje berre berre å bu to personar på liten plass, men det fungerer, ifølge paret. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Og huset er enno ikkje heilt ferdig. To kraftige sitjebenkar og eit litt for stort bord utgjer sosialiseringsområdet. Nokre material står malplassert inne på badet. Dei har planar om å bytte til eit mindre bord, og trur det framleis vil vere småprosjekt å jobbe med til langt ut på vinteren. Difor må dei framleis lage plass til reiskap.  

– Eg treng verktøy og material til å bygge resterande ting, forklarer Svenningsen. 


 Kjøkkenkroken ser ut til å vere kledd i marokkanske fliser. Fingertuppene avslører likevel at dette er kontaktplast, som enkelt kan bytast ut om dei ønsker. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Fridom til å flytte

Ein luftfuktar som liknar ein elliptisk kuppel i tre, fyller rommet med ei søtleg damplukt. 

Noko av grunnen til at Svenningsen skaffa seg minihus var fordi han ønskte å prøve å bygge noko sjølv. Han tenkte også at det då ville verte lettare å kome seg ut i naturen, og å vere fri til å flytte om han skulle ønske det. Trivanger trekker også inn at ein minimalistisk livsstil var tiltalande. 

Men økonomien i det heile er kanskje det viktigaste aspektet for paret.

– No betaler vi til oss sjølve. I staden for at vi alltid skal betale til ein eller annan tilfeldig dude som vert rikare, så kan heller vi spare, meiner Svenningsen.

– Så kan vi leige ut huset på Airbnb, seier kjærasten. 

Til no viser rekneskapen at dei har nytta omlag sju hundre tusen på byggearbeidet, som ikkje er heilt ferdig enno. Faste månadlege kostnadar for leige, forsikring og nedbetaling av minihuset ligg på rundt ti tusen i månaden. 


Toalettet i huset som paret bur i er eit vegghengt komposteringstoalett. Dahl sitt hus har forbrenningstoalett. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Fridom

For Liv Astrid Dahl var fridomen med eit mobilt hus det viktigaste. På kjøpetidspunktet var ho ikkje så knytta til Oslo som ho har vorte etter at ho møtte mannen sin. 

– Eg liker så godt å vere her, og eg liker så godt at det er mitt. Det var óg noko av det som var så deilig med å kjøpe sitt eige. 

Minihuset hennar er standardmodell frå ein leverandør, utanom små endringar ho ønskte seg på bestilling. Prisen vart like over éin million kroner. Månadlege utgifter er omlag seks-sju tusen kroner, der forsikring, tomt og låneutgifter inngår i den totale summen. 

Meir bevisste på forbruk av vatn

Til lyden av ei hekkesaks i bakgrunnen, drar Liv Astrid Dahl med seg hageslangen frå hovudhuset på tomta, før ho festar han til minihuset på utsida. Ho skal fylle tanken, som totalt kan romme 127 liter vatn. 

– Denne slangen måtte eg jo kjøpe, men det var ei lita utgift for store godar, smiler ho samstundes som ho held på.


Vatn og straum kjem frå hovudhuset. Straumen vert kopla til med ei 32A 3-fase tilkopling. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Berekraft er viktig for henne. I minihus vert ein bevisst på kor mykje vatn ein nyttar, noko ho meiner er fint. Paret seier det same.

– I alle vanlege hus er det luksus. Ein berre drar i ein spak og så har ein vatn, seier Svenningsen medan han imiterer at han girar mot seg, som med ein bilgirspak.

– Det er litt deilig å gjere noko for det ein har også, legg kjærasten til. 

Vil ha vanleg hus i framtida

Ei tilskoren ikeahylle vert nytta til oppbevaring, men også skjerming av paret sin soveplass på hemsen. Men det er berre på baderommet det finst moglegheit for å lukke døra bak seg. 

– Den vanskelegaste tida er kanskje PMS-tida, når eg treng åleinetid, ler Tivander, og sambuaren med. 


Paret dyrkar eigne grønsaker, mellom anna tomater og salat. Også Dahl har markjordbær og tomater i hagen utanfor huset. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Både med tanke på plassoppbevaring og moglegheit for tid for seg sjølv, meiner dei at det kan vere krevjande å bu fleire på så lite areal. Men dei seier at det fungerer, og har tru på at tilværet vert betre når huset er heilt ferdig, og tilvenningsperioden begynner å gå over.

Etter at huset til Svenningsen er ferdig, og dei har budd der ei stund, er det mogleg at dei begynner på Tivander sitt hus som neste prosjekt. Dei har også tenkt på å kjøpe seg ei tomt med rom til fleire minihus-naboar.

Men draumen om eit vanleg, større hus er likevel til stades hjå Tivander. Etterkvart vil ho gjerne eige ei tomt med eit lite hus på. Tidsaspektet er likevel uvisst. 

– Fem år kanskje? Tivander ser på sambuaren sin.

– Altfor kort, eg kunne budd i eit slikt hus lenge eg, svarer han.