Slik såg det ut på Bystranda i 2019. Kan det vere mogeleg å samle ein slik folkemengde til sommaren? Foto: Borghild Kvæven

Tviheld på håpet om festivalsommar

Denne veka kjem festivalråda frå kulturministarens arbeidsgruppe som kanskje kan gje Palmesus meir tryggleik.

– Er det her alt er? Det er jo så lite, undrar Annelin Ueland (21) mens ho går ned på Bystranda i Kristiansand.

Det er her ein av Norges største fesivalar skal vera i juli. 

Sanden er fuktig og på langt nær innbydande. Lyden av bølgeskvulp og ei og anna måke er det einaste som bryter stillheita. Er det verkeleg her det skal samlast nesten 40 000 festivalgåarar om fire månadar? Det er vanskeleg å tru.

Ueland skulle eigentelg stått på ei fullstappa Bystrand i fjor, men slik vart det ikkje. Ho valte å behalde Palmesus-billetten i håp om at 2021 skulle bli betre. Det er det framleis stor uvisse om det blir.

– Eg har jo lyst til å ha trua på festivalsommaren, men nei, eg har ikkje det. Eg trur dette vil vare lengre enn sommaren, og å ha så masse menneske samla og samtidig holda to meter avstand blir vanskeleg, seier Ueland mens ho kikkar mot der scenen skulle stått.


Ueland står på ei tom Bystrand og rettar på munnbindet så det sit skikkeleg, men festival med munnbind er ho skeptisk til. Foto: Borghild Kvæven 

I 2019 var ho ein del av folkemengda på Palmesus, og smiler av minnet.

– Der borte var baren, og der var scenen, og der var det store enhjørning badedyret me satt oppi, ler ho.

Alt saman verker uendeleg langt borte på denne grå dagen i slutten av februar.

– Eg håper det blir full festival eller ingenting. Alternativ festival er ikkje det me vil ha, seier Ueland.

Rajas Redning

Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja sette i midten av feburar i gang ei arbeidsgruppe som skal gje innspel til korleis sommarens store arrangement kan gjennomførast. 

Desse innspela skal koma seinast 5.mars forteller Raja til VG, og held fram:

– Dei skal levera innspela i tre scenario; eit pessimistisk der alt ser mørkt ut, ei mellomløysning eller ei optimistisk.


Arbeidsgruppa består av fleire festivalplanleggarar som prøver å redde festivalsommaren. Dei håpar at denne stranda kan fyllast med folk istade for ubrukte solbriller og søppel. Foto: Borghild Kvæven

I pressemeldinga om arbeidsgruppa står det at dei også skal kome med forslag som kan gjere det mogeleg å ha større arrangement enn det som hittil har vore mogeleg.

– Det er viktig at me får dette på plass slik at me allereie nå kan planlegga for ulike scenario for sommaren, i tett dialog med helsemyndigheitane, seier Raja til VG.

Full festival

Kjetil Steinsrud, marknadssjef for Palmesus, har blitt flytta til heimekontor og kan ikkje møta Journalen då Kristiansand har trått inn i rødt nivå. På tross av dette har han framleis trua på festival til sommaren. Forgje veke sette også Palmeuss i gang med artistslipp til festivalen, og har til no sluppet tolv artistar. 


Her planlegges det full festival til sommaren og eit hav av festglade mennesker. Foto: Borghild Kvæven 

– Me jobbar som normalt mot sommaren med heile staben på plass. Me vil gjera alt me kan for å få til festival til sommaren, seier Steinsrud.

Likevel fortel marknadssjefen at dei også jobbar med ulike scenario om korleis sommaren blir, men han kan ikkje fortelje meir om desse ennå. Scenario ein er å ha full festival.

– Me er positive for sommaren men ikkje naive, slår han fast.

Steinsrud fortel det er fleire positive signal for festivalsommaren, blant anna er vaksnieringsprossesen i full gang noko som gjer dei positive.

Mange norske artistar

Av dei tolv artistane Palmesus slapp forgje veke er fleirtalet norske.

– Det at me til no har eit fleirtalet av norske artistar er ein kombinasjon av tilgjengelegheit og å prøve å ikkje vere naive i den situasjonen me er i, seier Steinsrud.

Ueland tykkjer artistsleppet til no har vært bra, og har stor forståing for at dei fleste artistane er norske foreløpig.

– Eg håpar kanskje dei har nokre ess i bakhand, for eg føler me manglar dei heilt største namna, seier ho.


Bystranda i 2019 var eit ganske anna syn, her under Macklemore konserten. Foto: Borghild Kvæven

Milliondryss

I midten av februar delte Kulturrådet ut meir enn 120 millionar i kompensasjonsmidlar til festivalar som måtte avlysa i 2020. Palmesus fekk heile 27,1 millionar.

  – Det betyr veldig mykje, og me er utruleg takksame for at me har den støtteordninga og at kulturlivet i Norge blir tatt vare på, seier Steinsrud.

To dagar med Palmesus på Bystranda krev mange i arbeid, og marknadssjefen er takksam for å kunne sikre desse arbeidsplassane med kompensasjonsmidlane.

– Palmesus generer også utruleg mykje til resten av Kristiansand, så det at me kan halde fram planlegginga betyr også mykje for dei rundt oss, seier Steinsrud.

Munnbind og hurtigtest

No for tida har Ueland alltid eit munnbind klart i lomma. Ho drar det opp og festar det skikkeleg over nasen med vande bevegelsar.

– Men korleis skal ein drikke med munnbind på? Det går jo ikkje, seier ho og ser bort dit baren var i 2019.

Og ho har eit godt poeng, fordi slik me kjennar festival er det alt anna enn smittvennlig: Ein folkemengd utan ein centimeter avstand og ein cocktail av ulike parfymer og sveitte heng i lufta saman med ei sky sandstøv som har blitt trampa opp. Solbrillene er det einaste som vernar mot sandskya, men sand har ein utruleg evne til å snike seg inn overalt likevel. Men med Macklemores stemme rungande i øyrene, og eit bølgande hav av menneske rundt blir sand i auga den minste bekyrminga.

Dei einaste som er ein del av bølgene i dag er to stokkender som ligg og kikkar inn på den nesten tomme Bystranda. Sola kikkar fram og gjer eit glimt av kva som kan ventast til sommaren dersom festival kan bli eit faktum. 


Bystranda er folketom i bakgrunnen og stokkendene kan nyta stillheten. Foto: Borghild Kvæven

Om det blir tilfellet har Klassekampen lista opp ulike smittevernstiltak som blir vurdert for festivalar:

  • Inndeling av publikum i kohortar.
  • Vaksinesertifikater som koplas til billettane.
  • Koronatesting av publikum før festivalen.
  • Hurtigtesting ved inngangen.

Ueland er skeptisk til dette då det vil øydelegge festivalkjensla. 

– Festival er meir enn berre artistane, det handlar om heile stemninga ved å vere der, utan den blir det ikkje der same, seier Ueland.