NRK-journalist og nettmoderdator Fredrik Solbu Jullumstrø fortel at NRK veit kven som vil kommentere på dei forskjellige sakene før dei blir publisert. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes

Kva skapar mest trafikk i kommentarfelt?

Donald Trump, innvandring, Greta Thunberg og klima skaper mest trafikk i NRK sine kommentarfelt.
Mandag, 14 oktober, 2019 - 13:01

I ei vanleg åtte timar vakt sit NRK journalist og nettmoderator Fredrik Solbu Jullumstrø å les igjennom og slettar kommentarar folk skriv i NRK sine kommentarfelt. Han har ikkje noko tal på kor mange kommentarar som blir sletta kvar dag, men det er tema som klima og politikk som skapar mest ytringar.  

– Det er kanskje 1 av 100 kommentarar som blir sletta. Det kjem an på kva for tema det handlar om, seier han.

 

NRKs rettningslinjer for debatt/kommentar

NRK ber om at ein avstår frå følgande:

- Sjikanøse kommentarar og personangrep

- Overdreven bruk av ufint språk og banning

- Brot på norsk lov eller oppfordring til det

- Spamming og overdreven bruk av lenking til annet innhold

- Usaklige avsporingar frå temaet presentert i innlegget

Les meir her

Kjenner behov for å ytre seg

Emosjonelt engasjement eller usemje gjer at Sigurd Fylling Kårstad (30)  legg igjen kommentarar til ein sak. 

–NRK har full rett til å moderere sin eigen Facebook profil, men etisk og moralsk sett bør statskanalen stå for upartisk ytringsfridom. Det bør vere rom for alle meiningar uansett om ein er einig eller ikkje, seiar Kårstad. 


Sigurd fylling Kårstad (30) står for denne kommentaren SKJERMDUMP: Facebook

Martin Gulbrandsen (44) skriver kommentarar til saker der han meiner det er tvingande nødvendig. Han skriv også av gammal vane og når han kjenner behov for det. 

–  Ytringsfridom er viktig å verne om, seier Gulbrandsen. 

Nettmoderator Jullumstrø seier at ytringsfridomen ikkje er absolutt og i følge Store Norske Leksikon er det lovfesta begrensningar i ytringsfridomen, som forbud mot å framsetje truslar, ærekrenkelsar, privatlivskrenkelsar og trakassering.

– Etter at eg skreiv ein ytring i NRK, er det mange som har takka meg for å ha sett fokus på oppførsel i kommentarfelt. Det er folk som ikkje har turt å ytra seg fordi dei har sett korleis kommentarfelta har blitt. Når vi då slettar dei kommentarane som er over streken, så tenker eg at det er fleire som tør å bli med i ein konstruktiv debatt, seier  Jullumstrø. 


ILLUSTRASJONSFOTO: Sunniva Grimstad Hestenes

 

Døme på grove ytringar

«Du er eit hjernedødt menneske, du ser ut som du har ein sjukdom» og «Du er ein terrorist, det ser eg fordi du har skjegg og bart». Det er døme på ytringar som blir sletta fordi dei ikkje føl NRK sine retningslinjer, forklar Jullumstrø.

– Om ein skriv noko som er straffbart, då sletta vi det, seier NRK-moderatoren.

Kommentator Sigurd Fylling Kårstad synast at det er bra at NRK slettar kommentarar der folk oppfordrar til vold og ulovlege handlingar.

– Når NRK vel å slette kommentarar så er det ofte av god grunn, seier han.

Kan misforståast 

Kårstad seier at det nokon meiner er hatefullt og personangrep, meiner nokon andre ikkje er det. Det er svært stiuasjonsbassert. Han veit ikkje om NRK har sletta nokon av ytringane han har skrevet, men det kan godt tenkast.

– Eg har sterke meiningar, og sjølv om eg prøvar å formulere dei så rasjonelt og logisk som mogleg, veit eg at det kan missforståast, forklara Kårstad.

Martin Gulbrandsen definera truslar, rasisme, mobbing og slike ting som grove ytringar. Det er ikkje greit å skrive slike ting mot privatpersonar fortel han vidare.

Når det kjeme til å ytre seg om personar med makt i samfunnet, meinar Gulbrandsen det er greit å skrive kommentarar som inneheld kritikk. 

– Eg ville ikkje nølt med å sei at leiarskapet i både Iran og Saudi Arabia fortene eit besøk av snikmoderar så fort som mogleg, utalar han. 


Martin Gulbrandsen (40) sin kommentar på ein NRKnyheits artikkel på Facebook. SKJERMDUMP: Facebook



Tenkar du igjennom at alle kan sjå det du skriv i eit kommentarfelt?

– Eg, berre ikkje veit, men vil at alle skal lese kommentaren min, seier Kårstad.