Majorstutunet bo- og behandlingssenter deltar igjennom Oslo kommune på KuttMatsvinn2020.

Håper å minske matsvinn

Oslo kommune har ikkje klare tal på korleis det går med KuttMatsvinn2020.
Mandag, 4 november, 2019 - 13:23

I KuttMatsvinn2020 skal Oslo kommune redusere matsvinn med 20 prosent innan neste år. Den største delen av kommunen sin servering skjer i barnehagar, aktivitetskular og sjukeheimar, og det er der dei vil satse mest.


Lars Magnus Ottersen fortel at dei forskjellige verksemdene har over ei periode på to til tre veke gjennomført målingar av matsvinnet, og held no på med andre måleperiode. Foto: privat

Lars Magnus Ottersen, fagrådgivar for bærekraftig mat i Oslo kommune, seier at dei er i full gong med rettleiing ute i verksemdene. Kommunen har over seks hundre kommunale verksemder som servera mat, og målet er å nå halvparten av dei i 2019.

– Vi har ikkje nokon klare tal på korleis det går enno, men vi trur og håpar på forbetring og reduksjon av matsvinnet, seier Ottersen.

Vege matavfallet

Ottersen seier at verksemdene mottar rettleiing, materiell, vekt og instruksjonar om korleis dei skal jobbe for å redusere matsvinn og gjennomføre vegingar av matavfallet. Dei må også skrive ned kva som blir kasta slik at dei får ein oversikt over kva det blir for mykje av.


Latha Nadarajah fortel at ho har merka ein nedgong av matsvinn etter at KuttMatsvinn2020 starta. 

Avdelingssjukepleiar ved Majorstutunet bo- og behandlingssenter, Latha Nadarajah, seier at dei skal snart inn i ein to vekers periode der dei skal vege matavfallet etter alle måltid.

– Så skal vi skrive ned kva vi kasta og vege kor mykje mat vi kasta. Vi har gjort det før, også skal vi gjere det igjen for å sjå forskjellen, seier Nadarajah.

 

 


Sjukepleierane på Majorstutunet bo- og behandlingssenter lagar pølse med lompe til lunsj. 

Matsvinn arbeidet Oslo kommune gjer:

Inneberer arbeid ut mot barnehagar, skular, aktivitetsskular, sjukeheimar og kantinar.

Bymiljøetaten koordinerer arbeidet og samarbeidar med Matvett, Matvalget og Framtiden i våre hender.

Dei målar og veg matavfallet, og verksemdene får besøk av ekspertar på matsvinn

Både innkjøp, bestillingsrutinar, matservering, møtemat, kjøkkenpraksis og bruk av restemat vurderast

Dei jobbar med å gjere innkjøp av økologisk mat enklare. 

 

Middagen er vanskelig

Når det er middagar bebuarane på sjukeheimen ikkje likar, blir det mykje restar og det blir kasta i matavfallet. Nadarajah fortel at dei ikkje har lov til å ta vare på restemiddagane fordi dei er vakuumpakka og laga for 14 dagar sida. Maten blir kjøla ned, varma opp att og servert til middag. 

– Med tanke på hygjene og temperatur på maten, får vi ikkje lov til å ta vare på restematen av mattilsynet. Det er strenge reglar, men vi tar vare på maten vi kan ta vare på, seier Latha Nadarajah.


Sjukepleiar Nadja fortel at dei prøvar å kaste så lite mat som mogleg

 


Med å redusere matsvinn sparer ein både pengar og miljøet.

Sjukepleiar Nadja fortel at det er middagen som er vanskelegast å få rett porsjon av, men det er også veldig varierande. 

– Nokon middagar likar dei betre enn andre. Pølse og lumpe, som vi hadde i dag,  likte dei og då ete dei godt. Vi bruka også å ha litt søt avslutning på lunsjen, seier Nadja. 

Kveldsmat og frukost har sjukepleierane ansvar for å lage. Då er det lettare å kaste mindre mat for dei smøre brødskiver. 

– Til dømes i dag, så vart det berre tre brødskive til overs etter frukosten,  og det synast eg er veldig bra, forklara Nadja.