Halvparten kritisk til psykisk helsevern for Breivik

Nordmenn vil at Breivik aldri skal få sleppe ut i samfunnet.
Onsdag, 30 november, 2011 - 08:24


I ei ny måling gjort av Norstat for NRK, seier halvparten av dei spurte at dei ikkje tykkjer det er greit at Anders Behring Breivik blir dømt til psykisk helsevern. 36 prosent av dei spurte svarar at ei slik skjebne for den terrorsikta nordmannen er i tråd med deira rettsoppfatning. Medan for 48 prosent av dei spurte vil psykisk helsevern vere i strid mot rettsoppfatningen.

Nordmenn svarar nei på spørsmålet om Breivik bør få slippe ut på nytt i samfunnet, uavhengig av kva straff han får. Heile 87 prosent meiner den terrorsikta aldri bør få sleppe ut, medan berre 7 prosent svarar at han bør få slippe ut ein gong.

1000 personar i heile Noreg har blitt spurt i undersøkjinga.

Emneord: