Stortingsrepresentantar støttar Verdens aidsdag

I dag skal alle på Stortinget ha på seg solidaritetssløyfa.
Torsdag, 1 desember, 2011 - 14:23


I dag, på Verdens aidsdag, skal alle på Stortinget ha på seg den raude solidaritetssløyfa. Sløyfene vart overlevert til stortingsrepresentane på stortingstrappa i dag.

– Det er et viktig signal til heile samfunnet, og alle som er berørt av hiv, at våre stortingsrepresentantar vil gå med solidaritetssløyfa, seier Eli Svardal, koordinator for Verdens aidsdag.

Bymisjonen står for sløyfene

Det er Kirkens bymisjon som står for produksjonen av sløyfene, gjennom prosjektet “Lønn som fortjent.” Det er eit sysselsettingstiltak for menneske i aktiv rus. Her arbeider det rundt 30-35 personar.

Helsedirektoratet har hyra bymisjonen til å lage sløyfene, og støttar prosjektet. Sigmund Ruud, dagleg leiar i bymisjon, er nøgd med at dei kan hjelpe til med å auke merksemd rundt sjukdomen.

- Sjølv om dei som lev med hiv i Noreg har tilgang på medisin, har dei det ikkje enkelt. Det er mykje stigma rundt sjukdomen, og det er nok knytt til mykje skam, seier Ruud.

I løpet av fire veker har 25 brukarar laga solidaritetssløyfene. Kai Vetti er ein av desse. Foto: Marte Stensland Jørgensen.

Kai Vetti jobbar i bymisjon, og har vore med på å lage sløyfene. Han er nøgd med å få vere med på prosjektet.

- Det er noko av det viktigaste me gjer, seier Vetti. 

30 år med hiv

I år er det 30 år sidan viruset vart oppdaga for fyrste gong og hovudparolen for dagen er “30 år med hiv - et veiskille”. Dagen skal verte markert ved å sjå tilbake, men også framover, slik at ein skal unngå 30 nye år med epidemien. Sjølv om det har vorte helsemessige forbetringar, i form av medisin, så er det framleis mykje stigma knytt til viruset og sjukdomen.

- Vårt mål er null smitte, og null stigma, seier Svardal.

34 millionar menneske med hiv

34 millionar menneske i verda er hiv-positive. 9 millionar av desse har ikkje tilgang til livsviktige medisinar. I dag er det 4627 menneske i Noreg som lev med viruset. Inntekta frå sløyfene går til Hivfondet og HivNorges arbeid.

Fakta:

- Verdas aidsdag over heile verda den 1. desember.

- Han vart iversett av UNAIDS, Fns organ til kjemping av hiv og aids i 1988.

- Etter 2005 har The World AIDS Campaign ansvaret for dagen.

- Dagen har vorte markert i Noreg sidan oppstart i 1988.

Emneord: