Krev at sexkjøpslova forblir

Dersom Regjeringa reverserer sexkjøpslova, vil kjøp av sex igjen bli fullt lovleg. Norsk kvinnesaksforeining (NKF) reagerer med krav til Regjeringa.
Mandag, 24 februar, 2014 - 15:09


- Vi ser ingen grunn til å reversere sexkjøpslova.
Det er urovekkjande og trist om Norge skulle gå tilbake på dette, seier Margunn
Bjørnholt, fungerande leiar i NKF.

Den frivillige kvinneorganisasjonen sendte 10.
februar krav i eit brev, til statsministerens kontor og Justis- og
beredskapsdepartementet.

Det samfunnsfaglige analyseselskapet Vista Analyse
har fått frist av Regjeringa på endeleg konklusjon av ei lovevaluering innan
midten av juni. Konsulentfirmaet jobbar med økonomisk utredning, evaluering, rådgjeving
og forsking. Dokumentanalysane i selskapet vil avgjere om sexkjøpslova vert reversert
eller ikkje. Grunna nøytral behandling vil leiinga ikkje uttale seg om
prosessen.

- Prostitusjon er menneskehandel

NKF synast at det er galt å skilja prostitusjon og
menneskehandel. Bjørnholt håper at Regjeringa høyrer på sterk motstand frå samla
kvinnerørsler i Noreg og internasjonalt.

- Det handlar om grunnleggjande menneskerettigheiter.
Kvinner skal ikkje verte sett på som noko ein kan kjøpe seg tilgang til, og det
skal for den del heller ikkje menn, seier Bjørnholt.

- Frivillig prostitusjon er ei myte. Vi snakkar om
sårbare menneske som i liten grad har fridom til å velje kva slags relasjonar dei
går inn i, der økonomisk makt gir rett til å krenke, seier ho.

Departementet vil ikke kommentere

Fungerande leiar i NKF meiner vidare at ei reversering
ikkje kan sameinast i eit likestilt samfunn, og ser på det som krenking av likeverd
blant kvinner og menn.

- Vi meiner at menneske som vil ut av prostitusjon har fått lite stønad. Det må bli betre, seier Bjørnholt.

Pia Erikstad i Justis- og beredskapsdepartementet skriv
i mail at det ikkje er aktuelt for dei å kommentere saka før endeleg konklusjon
i midten av juni. Departementet bekreftar likevel at den politiske leiing har
fått fleire førespurnadar frå organisasjonar og privatpersonar.

Nedanfor kan du sjå kva leiar for kvinnesaksforeininga
i Oslo fylke, Gunhild Ramm Reistad, har å seie om NKF og lova.

Politiske motpolar

Anne-Karin Nygård, generalsekretær i Norske Kvinners Sanitetsforeining,
er einig med NKF.

- Vi har ikkje behandla akkurat denne saka, men vi synast
likevel sexkjøpslova bør behaldast. Vi manglar klar dokumentasjon som seier
at lova kan fjernast med et pennestrøk, seier Nygård.

Krfs Kjell Ingolf Ropstad, andre nestleiar i
Justiskomiteen, er i samsvar med NKF og Sanitetsforeininga klar på at
sexkjøpslova skal forbli. Han seier at Krf ynskjer tiltak som hindrar lova å
stå åleine.

- Vi må også satse på frivillige organisasjonar og
juridiske tiltak. Då må vi løyve fleire midlar til frivillige organisasjonar
som Nadheim og Pro Senteret, seier Ropstad.

Vil fjerne lova

- Vi er no opptekne av ei god evaluering, eit
politisk fleirtal, og så hjelpe dei som vil ut av prostitusjon best mogleg. Då
er også andre tiltak enn sexkjøpslova helt nødvendige, fortsetter Ropstad.

Peter Christian Frølich, stortingsrepresentant i
Høyre, meiner KrF, venstresida og kvinneforeiningane ser feil på situasjonen.
Han seier at Høgre alltid har sett på sexkjøpslova som eit feilgrep.

- Vi har ei avtale mellom Høgre, Venstre og Frp som dannar
grunnlag for evalueringa. Lova løyser ikkje grunnleggjande problem knytt til
prostitusjon. Den gjer berre kvinner endå meir sårbare, seier Frølich.

- Stor takhøgd

Vidare seier Frølich at ei evaluering vert gjort med opent
sinn.

- Det er for oss forståeleg at det finnast ulike synspunkt
på lovevalueringa, og debatten vekkjer sterke kjensler. Internt i Høgre er det
også stor takhøgd på reverseringsspørsmålet, seier han.

- Vi føretek ingenting før evalueringa er over. Vi
gleder oss til å lese rapporten i sommar. Det vil overraske meg om analytikarane
konkluderer med at sexkjøpslova har hatt god effekt, seier
stortingsrepresentanten.

Frølich er klar på at Regjeringa må vente til i sommar, før ein kan sjå om det blir parlamentarisk fleirtal mot sexkjøpslova.

Emneord: