NJ: – Stort sannsyn for forhandlingar på overtid

Norsk Journalistlag (NJ) og Mediebedriftenes Landsforeining (MBL) har vore i harde forhandlingar sidan måndag. Journalistlaget har lagt ned krav om 10.000 kroner som generelt lønshopp for alle sine organiserte.
Tirsdag, 29 april, 2014 - 12:34


– Det er først og fremst fordi vi ønskjer at bransjen skal stå fram som attraktiv og viktig, både for unge talent og for dei som er i bransjen, opnar NJ-leiar Thomas Spence i intervju med Journalen.

Han meiner eit generelt kronekrav på 10.000 kroner til alle dei 4100 NJ-organiserte tek omsyn til den tøffe situasjonen i mediebransjen.

– Det er på linje med det vi fekk i fjor. Vi meiner det må til for å bevare motivasjon, utsiktene og for at det ikkje skal breie seg meir mismot i bransjen, seier Spence.

Krever endring i ulempe

I 2013 fekk Norsk Journalistlag 10.000 kroner etter lang mekling. Utgangspunktet i fjor var vel 18.000 kroner.

– I år har vi krav 10.000 kroner til alle. I tillegg er der krav på ulempebetaling og pensjon som ikkje er talfesta enno. Så samla sett er det meir enn 10.000 kroner vi krever, fortel Spence.

NJ-leiaren er tydeleg på at ei endring i ulempeutbetalingane er svært ønskt.

– Det er for store intervallar i dag, frå 18 til 21 og frå 21 til langt utpå natta. Vi meiner det er langt meir rettferdig å få betalt for dei timane ein faktisk jobbar.

Spence og NJ ønskjer auka satsar for dei verste nattevaktene - som leiaren omtalar som usosiale og helseskadelege.

– Det blir ikkje spegla i dei lange intervallane som er no.

NJ har ikkje kostnadsrekna kva ei slik ulempeendring vil koste.

– Men det vil vi gjere om kravet går vidare, slår han fast til Journalen.

Vil ta tida til hjelp

Førebels har det ikkje kome noko motbod frå MBL.

– Kronekravet er eitt av fleire krav som det blir forhandla om. Vi skal forhandle ut dagen, og er innstilte på å komme fram til ei løysing som er god for begge partar, seier Trine Ohrberg-Rolfsrud, informasjonsansvarleg i Mediebedriftenes Landsforeining, til Journalen tidleg tysdag ettermiddag.

Spence i NJ melder derimot om god kommunikasjon. Forhandlingane har føregått sidan måndag. Partane møttest tysdag 10.15, medan løysingsfristen er midnatt.

– Ettermiddagen og kvelden blir brukt. Kanskje går det lenger òg.

– De reknar med overtid?

– Det går som oftast på overtid. Sannsynet er stort for at vi blir sitande utover natta, avsluttar Thomas Spence i Norsk Journalistlag.

Emneord: