Togstans i heile Noreg

NSB varslar om togstans mellom klokka 15.00 og 16.00 onsdag 28. januar.
Torsdag, 22 januar, 2015 - 12:05


Det er grunna ei politisk markering at toga til NSB vert stoppa neste onsdag. LO, YS og Unio har oppmoda sine medlemmar om å streike mot framlegga til endring i arbeidsmiljølova.

Dette skriv NSB at vil ramme fleire viktige samfunnsfunksjonar, mellom anna toga, som må stansast ein time denne dagen.

NSB seier at dei ikkje sett opp alternativ transport medan toga står stille.

Les meir om togstansen på NSBs eigne nettsider.

Emneord: