105 år langt Ap-styre truga i Skedsmo

Skedsmo Høgre kan stå for historisk maktskifte om dei får tilslutnad frå småpartia.
Mandag, 14 september, 2015 - 20:09


Etter over 100 år med sosialdemokratisk styre, er Arbeidarpartiets ordførarposisjon truga av ein liten nedgang før årets kommuneval. Ei meiningsmåling utført av InFact for Romerikes Blad visar samstundes ei styrka høgreside, med ordførarkandidat Kjartan Berland (H) i spissen.

Opnar for sidebyte

 Med Ap sine 38,2% mot Frp og Høgres samla 44,4%, vil det endelege maktvalet liggje hjå dei mindre partia, og kva for blokk dei sluttar seg til. Førebels held partileiarane korta tett til brystet.

– Dersom me får gjennomslag for våre hjartesaker når me skal finne ein felles plattform, kan eit borgarleg samarbeid vere aktuelt, seier Lisbeth Gamre Skulstad, førstekandidat i Skedsmo KrF. Sidan 2011 har ordførar Ole Jacob Flæten (Ap) hatt støtte frå mellom andre Kristeleg Folkeparti, Venstre og Senterpartiet.

Men i forkant av haustens kommuneval har fleire av dei mindre partia signalisert opning for samarbeid på høgre fløy. Også Skedsmos fjerde største parti, Folkets Røst, vil ta si avgjerd etter kor dei får gjennom sine viktigaste saker.

– Valet vil bli avgjort basert på kva for støtte me får for sakene våre. For Folkets Røst er det viktigast å bevare villabusetnaden, spesielt på Strømmen aust, seier førstekandidat Tore Berg.

Eigedomsskatt kan ha skulda

I motsetnad til den nasjonale trenden, har Ap hatt noko nedgang i Skedsmo kommune sidan valet i 2011. Statsvitar og valanalytikar Svein Tore Marthinsen trur mellom anna at dette kan skuldast nivået på eigedomsskatten i kommunen.

– Nokre veljarar kan synast det har gått for langt, og vil protestere over stemmesetelen.

Optimistisk

Høgres ordførarkandidat Kjartan Berland ser lyst på måndagens val:

– Eg trur sjansen for å verte ordførar er 50/50, men det er vanskeleg å seie med tanke på at me har hatt eit sosialistisk styre så lenge. Skiftet er ein hard og lang kamp, men eg er optimistisk, seier han.

Ordførar Ole Jacob Flæten tør ikkje spekulere.

– Trass i borgarleg fleirtal, ligg det an til å bli jamt i Skedsmo. Arbeidarpartiet vann jo stort i skulevalet, men førebels tør eg ikkje seie noko, seier han. Flæten stillar også spørsmål til KrF si vurdering av nytt blokksamarbeid. – Korleis dei kan gå inn i eit samarbeid med Frp med truverd, har eg vanskeleg for å sjå, seier Flæten. Mellom anna står dei i konflikt i spørsmål om innvandring og sundagsopne butikkar.

Ulik tilslutnad

Dersom Pensjonistpartiet ynskjer skifte, slik dei antyda i Romerrikets Blads valgomat 26. juni, vil dei borgarlege trenge to allierte for å oppnå fleirtal, i følgje statsvitar Svein Thore Marthinsens valanalyse. Arbeiderpartiet, som så langt har fått støtte frå Venstre, vil ut frå meiningsmålinga frå juni trenge støtte frå både KrF, Folkets Røst og MDG for å få fleirtal i bystyret.

Vippepartia går i dialog med høvesvis venstre- og høgresida i etterkant av valdagen. Ordførarvalet vil dermed liggje hjå småpartia, avhengig av kor dei allierer seg.

Emneord: