Saknar ein meir lokalt forankra valkamp

Førstegongsveljarar tykkjer årets valkampsaker i Skedsmo har vore for nasjonale og generelle.
Mandag, 14 september, 2015 - 18:59


For mange tenåringar er årets kommuneval deira første anledning til å nytte røysteretten. Førstegongsveljarane Marte (18) og Desiré (17) synest dei har blitt godt informerte om ståstaden til dei ulike partia, men at kommunevalet har vore for lite lokalt.

Vegen til valet

For Marte Slette Glorvigen (18) var skuledebatten ved Lillestrøm VGS ei viktig informasjonskjelde i prosessen rundt kva for parti ho skulle røyste på.

– Eg har teke valgomatar på nett og fylgt med på valdebattar på TV, men skuledebatten var ein avgjerande faktor, seier ho.

Glorvigen tykkjer at ho har blitt tilstrekkeleg informert gjennom tilsendte partiprogram og fjernsynsdekning, men trur at eige initiativ er avgjerande for å kome fram til kva partia står for i dei enkelte kommunane.

– Eg trur at mykje kjem ned til kva ein gjer av eiga undersøking, understreker Glorvigen.

Desiré Meyer Skogli (17) trekk fram skulens valtorg som hjelpsamt i slutninga.

– Trass i at representantane skulle prate med mange samstundes, fekk me prate med folk frå dei ulike partia. Dei var flinke til å svare oppklarande på spørsmåla våre, seier ho.

For generelt

Jentene tykkjer begge det har vore vanskeleg å finne ut kva for saker dei lokale partia står for.

– Eg saknar ein meir kommunespesifikk valkamp. Sjølv om eg har lese på nett, og sett valdebattar, tykkjer eg det er vanskeleg å finne ut kva partia meiner i kommunen min, seier Skogli. 

Glorvigen tykkjer også at den lokale forankringa kunne kome meir tydeleg fram i media.

– Mykje av det som kjem fram i media er veldig generelt, og ein må søkje mykje sjølv for å finne ut kva partia meiner i lokalmiljøet, seier ho.

Verdigrunnlag avgjerande

Desiré M. Skogli baserer til slutt det endelege på partiet sine grunnleggjande verdiar.

– Mi hjartesak er dyrevern. I tillegg har eg sett på korleis partia ser flyktningesaka, som det er mykje snakk om for tida, konkluderer ho.

Marte Slette Glorvigen trekk fram enkeltsaker som avgjerande for hennar røyst.

– Eg er oppteken av skulepolitikk og eldreomsorg. Eit bredt tilbod som rekk enkeltpersonen har vore avgjerande for meg, seier ho.

Emneord: