33 kommuner bryter Barnevernlova

...utan å få konsekvenser.
Tirsdag, 23 februar, 2016 - 11:48


På oppdrag frå Statens Helsetilsyn, utførte fylkesmennene i 2015 tilsyn i 36 kommuner. Desse tilsynsrapportene skal ha avdekka brot på lover i 33 kommuner, melder TV 2.

Desse brota på lover eller forskrifter har ikkje ført til nokre større konsekvenser for dei aktuelle kommunene.

Henlegg bekymringsmeldingar

Den største delen av lovbrota skal vere at kommunane henlegg bekymringsmeldingar utan at det har vore gjennomført undersøkingar. Eit anna brot er mangel på grunngjeving for at bekymringsmeldinger vert henlagt. Etterprøving av saksbehandling vert difor vanskeleg, eller umogleg. Somme gongar får ikkje varslarane tilbakemelding om bekymringsmeldinga. Alle desse brota er brot på Barnevernlova.

– Rydd opp!

Jan Fredrik Andresen, direktør for Statens Helsetilsyn, seier til TV 2 at han frykter for born som lev under vanskelege forhold, og er redd mangel på dokumentasjon og undersøkingar kan føre til varige skadar hos barn som opplev omsorgssvikt. Til kommunene sei han: – Rydd opp!

 

Emneord: