Åtte fleire personer omkom på vegen i januar

Ti menn og fire kvinner har måttet bøte med livet på norske veger i januar. På same tid i fjor mista seks livet.
Mandag, 15 februar, 2016 - 15:07


Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at over gjennomsnittet mange omkom i januar. Det var i år 2 fleir okmone samanlikna med gjennomsnittet for dei siste fem åra, som er 12 drepne. Av desse var ti menn og fire kvinner. I fjor i same månad var det “kun” seks omkomne.

Den aldersgruppa med flest omkomne i januar 2016 var dei over 65 år. Der finn vi fem av dei drepne. Elles er drapa fordelte slik: fire drepne mellom 45-64 år, tre i aldersgruppa 25-44, to mellom 16-22 år og ingen under 15 år.

Det positive er at tal for skadde i trafikken i januar var betydeleg lågare, 17 personer, enn gjennomsnittet for januar dei siste fem åra. De siste fem åra har talet vore på heile 44 personer. 

10 av 14 omkom i møteulykker, der to personer omkom i utforkøyring. Buskerud og Hedmark er fylka som toppar drapsstatistikken, med tre omkomne kvar. Nord- og Sør-Trøndelag kjem etter med to omkomne. I Finnmark, Oslo, Akershus og Østfold finn vi dei siste fire drapa, med eit i kvart fylke.

Emneord: