Jente skal ha tent på egen bolig

En barnevernsinstitusjon sto i brann natt til mandag.
Mandag, 22 februar, 2016 - 10:36


Det er NRK som melder om brannstiftinga på en barnevernsinstitusjonen på Hjelset i Molde. Jenta skal ha tilstått å sjølv stå bak brannen som starta i 01-tida i natt.

I god behald

Politiet fekk melding om brannen kl 01.18. Aftenposten skriver at i huset var det jenta og tre andre ungdomar under 18 år, og nokon tilsette. Alle vart køyrt til sjukehus for sjekk, og dei skal ha fått lettare røykskader.

– Nokon hadde pusta inn røyk og fekk oksygenbehandling ambulansen, og no har dei det forholdsvis bra, seier operasjonsleiar Rolf Anders Korstad i Møre og Romsdal politidistrikt til NTB.

Vert starta etterforskning

Vidare opplyser han til NRK at jenta har fått et alternativ bustad. Det påtente huset skal vere ubebueleg grunna store brann- og røykskader.

Det vil bli starta vanleg etterforskning i løpet av dagen.

Emneord: