Nokon stel frå butikken din

Kva ville du gjort? Journalen har snakka med tre butikkeigarar.
Onsdag, 17 februar, 2016 - 15:02


Skal du la tjuven gå? Skal du ta saka i eigne hender, eller satse på at vektarane gjer jobben sin?

– Eg  har kanskje to-tre tjuveri i året, seier Napat Johannessen. Ho er dagleg leiar av Bjørklund i Storgata. På spørsmål om ho nokon gong har konfrontert tjuvane seier ho:

– Det er ikkje vår jobb å ta tjuvane. Vi har vektere som skal gjere den oppgåva.

Ho opplev at tjuvane stel det som ligg laust, og også varer som ikkje er til sals. Blant anna har nokon stelt håndscannaren til butikken. Kva tjuven skulle med den er ho ikkje sikker på, men Napat opplev ikkje tjuveri som eit stort problem for butikken.

Lars Egil Swang har sjølv prøvd å stoppe tjuvane.

– Men det ender opp med krangling og at eg må ringe vekterne uansett.
Han er dagleg leiar for Superdry i Oslo City. Høyr han fortelle om si raraste tyverioppleving, der nokon la frå seg dei gamle skoa sine:

Thereza Holmgren, butikksjef for Kicks i Oslo City, fortel at ho opplever tjuveri til stadigheit. Det ser ho blant anna gjennom tomme embalasjer. Siste tyveriforsøk opplevde ho allereie dagen før. Her fortel ho korleis ho handterer desse situasjonane:

 

Emneord: