Overvåket på jobb?

Det kan vere ulovleg.
Onsdag, 17 februar, 2016 - 15:43


Fleire arbeidsstadar i Noreg tek i bruk overvaking.

– Kameraovervakinga aukar. Det har blitt både enklare og vanlegare å overvake arbeidsplassen. Dei aller fleste spørsmål vi får dreier seg om nettopp det, seier Christine Ask Ottesen, jurist i Datatilsynet, til fagbladet Arbeidervern.

– Bransjen sjølv kan bekrefte at antal kameraer som seljast stadig aukar.

Den mest vanlege forma for overvaking er bruk av overvakingskamera. Men kor går grensene for kva ein kan overvåke? Journalen har vore i kontakt med jurist og seniorrådgjevar i Datatilsynet, Henok Tesfazghi.

Bør sjå på andre tiltak

Eit eksempel kan vere om du arbeider i ein bank. Der skal overvakinga gjere arbeidskvardagen tryggare for dei tilsette. Då kan overvakingskamera vere vinkla mot dei som kan vere utsette for vald eller overgrep ved eit eventuelt ran.

Det finst lover for kor lenge ein arbeidsplass kan halde overvakingsvideoane lagra - sju dagar. Etter det skal det slettast. Ein skal kun nytte desse overvakingsvideoane dersom det er mistanke om tjuveri eller innbrot.

– Det er viktig at ein har sett på andre tryggingstiltak før ein går inn for overvaking. Er det ei fare for hærverk kan det til dømes nyttast ekstra belysning. Dersom ein ser at andre tiltak ikkje er tilstrekkeleg, må det informerast om til dei tilsette, men også for dei som skal omgås i det aktuelle området.

Overvåking av tilsette: ikkje innafor

– Det finst eksempler på at sjefane overvåker dei tilsette og ringer dei for å irettesette. “Du må snu pølsene.”

Tesfazghi sei at sommarpatruljen i sommar var rundt i mange butikkar. I fleire av desse var det sommarvikarar som opplevde kontrollering i utføringa av deira arbeid.

– Å bli filma åtte timar kvar dag er ei stor påkjenning. Det skal ikkje gjerast.

Tilsette må ta ansvar

– Føler du at du vert overvaka på jobb, er dette noko du må ta opp med eit kontrollorgan, seier Tesfazghi. – Det er viktig med dialog. Arbeidsgjevarar skal opplyse arbeidarane om overvaking og formålet med denne.

Emneord: