Hardingfele for fyrste gong i Operaen

Hardingfelespelar Ottar Kåsa håpar konserten kan skape større interesse for folkemusikken.
Mandag, 22 november, 2010 - 15:29


Ottar Kåsa, hardingfelespelar og felemakar frå Vinje, skal debutere i Operaen 3. desember på jubileumskonserten for Ole Bull. Det er Norsk Hardingfelesenter som står bak jubileumskonserten. Leiar Rita Eckbo fortel at dette er fyrste gong hardingfela står på programmet i den nye operaen.

- Det er viktig at hardingfela får vist seg på denne arenaen. Etter denne konserten håpar eg det kan bli fleire høve til hardingfelespel i Bjørvika.

 

Kultursjokk

Konserten Bull og Myllaren anno 2010 er i høve Ole Bulls 200-årsjubileum. I 1849 skjedde det noko spesielt i Logen i hovudstaden. Hardingfelespelaren Torgeir Augundsson (Myllaren) frå Vinje var med Ole Bull og spela hardingfele for bypublikumet.

- For Myllaren var det nok eit stort kultursjokk å kome til hovudstaden og få spele i Logen, som var eit prestisjelokale, nesten slik Operaen er i dag, seier Kåsa, som er tipp-tipp-tippoldebarnet til Myllaren. På operakonserten i desember skal  Kåsa spele nokre av slåttane Myllaren spela mest på konsertane sine.

 

Nytt med stor scene

Før han traff Ole Bull, hadde Myllaren mest erfaring med å spele i bryllaup, til dans og på festar.

- Det seiast at Myllaren sjølv klappa etter at han hadde spelt i Logen, fordi han ikkje var vand med å få applaus på dei tilstellingane han bruka å spele på.

Sjølv om det er mange år sidan det første møtet mellom by og bygd i hovudstaden, er det ikkje kvar dag ein felespelar frå Telemark står på ei av dei største scenene i landet.

- Å spele i Operaen er artig både for meg og fela. Eg trur det kan skape større interesse for folkemusikken, og spesielt hardingfela, når ein får vist fram musikken på nye arenaer. Hardingfela kjem stadig meir fram i ljoset, og i dag kan ein kan ofte høyre hardingfele i ulike samanhengar, blant anna på radio, seier Kåsa.

 

Vil nå dei unge

Konserten starta som ein idè hjå kultursjefen i Bø kommune, Hilde Pedersen, som saman med Kjell Bitustøyl er produsent.

- Ideen har blitt spinne på lenge, og me gler oss veldig til konserten. Det blir spanande å sjå kva for eit publikum me når. Eg håpar at konserten kan apellere til unge folk, både i og utanfor Oslo, seier Eckbo.

Norsk Hardingfelesenter set opp bussar frå Vinje og Bø og håpar den lokale tilslutninga vil vere stor.

- På konserten vil me vise kor viktig Myllaren har vore for folkemusikken. Han var den første spelemannen til å ta hardingfela opp på konsertscena. Utøvarane som skal spele på konserten er unge, og dei fyller på mange måtar rollene som Bull og Myllaren hadde på si tid.

 

Ope for andre sjangrar

Jon Helmer Fiore, musikksjef ved operaen, seier følgjande om konserten:

- Me er heile Noregs operahus, og sjølv om kjernerepertoaret vårt er opera og ballett, vil me opne for andre uttrykk med høg musikalsk kvalitet, slik som denne konserten. Me håpar med dette å nå ut til eit breiare publikum og å heidre Ole Bull.

Utanom Kåsa skal Ragnhild Hemsing, Hallgrim Hansegård, Tor Espen Aspaas og Nils Sletta delta med fiolin- og hardingfelespel, dans, klaverspel og forteljing.

Tags: