Kon-Tikis nye mannskap

Filmen om Thor Heyerdahls flåteferd har premiere i 2012, men innspelinga startar i mai 2011, med fleire unge, skandinaviske skodespelarar på rollelista.
Tirsdag, 12 april, 2011 - 15:21


Filmen er ei storsatsing, og med eit budsjett på 88 millionar kroner, blir Kon-Tiki-filmen over 20 millionar dyrare enn «Max Manus».

Det er regissørane frå «Max Manus», Joachim Rønning og Espen Sandberg, som skal regissere spelefilmen om Thor Heyerdahls største ekspedisjon.

Kven som blir å sjå på lerretet når filmen er klar vart offentleggjort allerede i april i år.

Thor Heyerdahl jr. er godt nøgd med mannen som skal spele far hans.

-I fjor blei eg spurd om kven eg syntes passa best til å spele min far. Av dei skodespelarane som blei lagt fram då, var det Pål Sverre eg peika ut som mest lik på far.

Tidlegare har Valheim Hagen spelt i «deUsynlige», «Max Manus», «De gales hus» og «Jernanger», men han var sist aktuell i «Jeg reiser alene», som gjekk på norske kinoar i vinter.


Desse skal spele i filmen om Kon-Tiki:

  • Thor Heyerdal – Pål Sverre Valheim Hagen
  • Herman Watzinger – Anders Baasmo Christiansen
  • Torstein Raaby – Jakob Oftebro
  • Knut Haugland – Tobias Santelmann
  • Erik Hesselberg – Odd Magnus Williamson
  • Bengt Danielsson – Gustaf Skarsård

Tags: