Høgt (prøve)spel hjå KORK

Når Kringkastingsorkesteret treng nye musikarar, trekk det folk frå heile verda. Måndag kjempa 29 håpefulle om plassen som ny hornist.
Tirsdag, 20 mars, 2012 - 14:53


I ein lenestol på Marienlyst sit Ulrich Grau og ventar. Det har han gjort sidan halv ni denne morgonen, då han kom med fly direkte frå Berlin. 

Grau ser tilsynelatande avslappa og kontrollert ut der han sit, men fortél at det ikkje kjennest heilt slik på innsida.

- Eg er kjempenervøs. Ein får berre ein sjanse til å spele, og uansett kor mykje ein planlegg, er det umogeleg å vite kva som skjer.

På veggen heng lister med tidspunkt og kandidatnummer, og klokka tikkar sakte nærare og nærare den avgjerdande augneblinken i Store Studio. Som profesjonell musikar er Grau godt vane med nervepirrande prøvespel, og han har éitt fast punkt han alltid må igjennom same dag.

- Eg et alltid ein banan. Det er ikkje så farleg når eg et han, men ein banan må uansett til, ler han.


Høyr lyd og sjå bilete frå prøvespel her!

Globalisert arbeidsmarknad

For mange musikarar er heile Europa ein potensiell arbeidsstad, og stadig fleire vil prøve lukka i norske orkester.

- Internett har gjort det mykje lettare både å finne og søkje nye jobbar på tvers av landegrenser, seier Olstad, som er orkestersjef i Oslo-Filharmonien.

Han peikar også på den økonomiske krisa som ein sentral årsak, då mange orkester elles i Europa vert ramma av kutt og nedleggjing. Det er likevel ikkje slik at store søkjarmasser gjer det enklare å tilsette folk. 

- Me har vore på utkikk etter ny fløytist i fem år, men har enno ikkje tilsett nokon fast. Me stiller svært høge krav, og har enno ikkje funne den med rett kompetanse, fortel Olstad.

Vegen inn i KORK kan vere lang. Foto: Ingvild Skølt.

Verdt slitet

Hjå Kringakastingsorkesteret (KORK) har Virginia Somons nett vore i elden, og kan ikkje gjere anna enn å vente på resultata.

  - Eg hadde nok ikkje dagen i dag, men kanskje går det betre neste gong, seier Simons, medan ho trippar utålmodig fram og tilbake i gangane.

Ho kjem heilt frå Spania for å prøvespele i konkurranse med hornistar frå blant anna Frankrike, Tyskland, Australia og Noreg. Simon er middels fornøgd med eigne prestasjonar denne gongen, og meiner tilfeldigheitene har ein del å seie. Ho skjønar at det kan vere vanskeleg for folk flest å forstå kvifor dei gjer dette.

- Å prøvespele er det noko av det verste eg veit. Men om ein lykkast, får ein den beste jobben ein kan tenkje seg, seier ho.

Omfattande prosess

For hornistane som ønskjer seg fast plass i Kringkastingsorkesteret (KORK), held det ikkje med eit vanleg jobbintervju. Prøvespelkandidatane vert plukka ut på grunnlag av søknad og CV, og deretter får dei 7 minutt og Mozarts fjerde hornkonsert til å overbevise juryen.

Klarer dei det, ventar ytterlegare to rundar med nytt repertoar og nye nerver. Orkesterregissør Sigrid Skeie Tjensvoll fortel at dei har hatt opp mot 70-80 søkjarar på same stilling.

Nålauget er med andre ord trongt, og i ein ustabil arbeidsmarknad lokkar tilbodet om fast jobb tilknytta den norske stat. 

Resultatet

Etter ein heil dag med venting, oppvarming, meir venting og sveitte handflater, er det omsider tid for resultatet. Stemninga er spent, men beherska, og det er lite som minner om Idol. Dette er folk som har vore med på audition før.

Kandidatnummer vert lesne opp, eitt etter eitt, og dei få utvalde skundar seg mot næraste øvingsrom for å klargjere seg til nye prøver. Om berre ein halvtime er juryen på plass att, og klare for andre runde med auditons.

For Ulrich Grau og dei fleste andre var dette derimot ikkje rette dagen. Med trillekoffertar og instrumentbagar ber det vidare, mot meir øving, meir venting og nye prøvespel.

 

Les kven som fekk jobben her!

 

Tags: