Fordelar for lokalbefolkninga

I verneområda i Namibia går inntektene av alle tenestene direkte til lokalbefolkninga. Det er spesielt kjøtet etter trofetjakt som gagnar dei lokale innbyggjarane.
Onsdag, 5 juni, 2013 - 23:55


I Elephants corner, i Kunene-regionen nord-vest i Namibia, kjem det stadig trofetjegerar på besøk for å jakte på afrikanske dyr. Løve, kudu, springbukk, alt er populært. Planteetarar så vel som rovdyr. Etter at Namibia blei sjølvstendig frå Sør-Afrika i 1990, tok det ikkje lang tid før fleire ikkje-statlege organisasjonar saman med Departementet for miljø og turisme (MET) tok til å jobbe fram verneområda. Elephants corner var eitt av dei første verneområda som blei grunnlagt, og i dag blir heile området drive av lokale innbyggjarar, både i komiteane, turismen og i naturforvaltninga.

Mellombels i området

Ein liten time med bil på ein humpete veg utanfor landsbyen Ervee i Elephants corner, spring geiter rundt. Dei stoppar opp til tonane frå ei fløytesom den yngste av seks himbakvinner som er heime saman med borna spelar på. Det ligg to klynger med hus på den opne plassen mellom berga. Himbaane er eit av få nomadefolk i Namibia og alle husa dei set opp er mellombelse. Ein dag må dei forlate denne plassen til fordel for ein stad som ligg nærare eit godt beiteareal der geitene kan få næring.

– Å vere ein del av eit verneområde er veldig bra for oss. Når det er folk på trofétjakt her går kjøtet direkte til oss, seier Maria Jaroka.

Når WWF Noreg skal trekkje fram dei største fordelane eit verneområde fører med seg for dei lokale namibiarane, er nettopp kjøt eit viktig punkt. At innbyggjarane får sikra etterlengta protein, er noko WWF vektlegg i stor grad.

– Det er helst i sesongen frå juni til august at det er mykje trofetjegerar her, seier Jaroka.

Himbastammen Jaroka er ein del av flyttar rundt og krysser av og til grensene mellom ulike vereområde. Men Grootberg lodge i Elephants corner veit alltid kvar himbastammen er, og dei tek turistar ut til stammen for å vise fram ruralt liv i området.

Mange om kjøtet

Hilga Gawises, som har vore sjef i Elephants corner i fem år, fortel at verneområdet har rundt mellom 3500 og 4000 innbyggjarar. Av desse er litt over 2000 registrerte medlemmer.

– Det er mange medlemmer og me jobbar for å fordele godene i verneområdet ut til lokalbefolkninga.

Det kjem mange turistar til Namibia for å skyte ville dyr. Spesielt tyskarar er glade i å besøke landet for å gå på trofetjakt. Det er MET som deler ut løyver på kor mange dyr som kan fellast av trofetjegerar. Streng regulering er viktig i arbeidet mot krypskyting og mot felles goder for innbyggjarane i samfunna.

– Det er mange som delar på kjøtet. Nokre dagar har me suppekjøkken, andre dagar gjev me det ut til barnehagar og skular. Og nokre dagar går det til eldre, seier Gawises.

Gje og ta

Ute i himbalandsbyen har Maria Jaroka og resten av himbadamene lagt ut teppe og teke fram store posar med smykke og armband dei har laga. Dette gjer dei kvar gong det kjem turistar på besøk. Alt har dei laga og alt sel dei, slik at dei får pengar til å gå til butikken i Ervee for å kjøpe mjøl og sukker. Turistane som kjem på besøk har òg med seg gåver til himbastammen. Mjøl, maismjøl, sukker og vaselin. Alt blir plukka opp i den lokale butikken i Ervee og køyrt ut dit dei held til. Maten er bindeleddet mellom turistane og himbaane.

Ein annan som tilhøyrer himbafolket er John Kasaona i organisasjonen Integrated Rural Development and Nature Conservation (IRDNC). Han fortel til Journalen at faren hans måtte skyte dyr på ulovleg vis for å brødfø familien då John vaks opp i Kunene-regionen på 70-talet. Den vaksne Kasaona fekk bytte til seg mjøl og andre matvarer for horna eller kjøtet til dyra han hadde skote. Det var vanleg praksis, men det gjekk etter kvart utover bestandane. Då organisasjonar som IRDNC gjekk saman med departementet på starten av 90-talet for å syte for at artane skulle bestå, var det starten på verneområda, og på at folk kunne få mat på ærleg vis i staden for å skyte han ulovleg på eigahand.

Emneord: