Overgrepskåte djevel

Seinast i går kunne ein lese at ein knivdrapsmann snart kan sleppe ut av fengsel. Av slike grunnar er ikkje bekmørke gater det fyrste eg vil møte på veg heim om natta.
Fredag, 29 august, 2014 - 14:43


Ein person går med målretta steg mot meg. Det er mørkt, gåsehud skyt ut av ermene, beina ynskjer å føre meg i ei anna retning. Men hjernen gir eit anna signal. Eg skal halde ruta rett ned den lange smale gangvegen som så vidt går an å sjå.

Eg hadde forventa betre enn å måtte smyge meg gjennom dimme tronge gater i Oslo Vest. Her skal det skimte velstand. Her skal gatelysa skine for tryggheit. Men når bymiljøetaten skal spare, som dei alltid skal, så er det vel greiast for dei å sløkke lyset. Kva så om bebuarane gatelangs skjelv i kald nervøs sveitte, og spirande redsel gatelangs. Nyhenda om at ein overgrepsmann no kan sleppast laus ga meg augeblikkeleg gåsehud, idet eg entra stredet med slukne gatelys.

Eg må nok passere han i mørket. Vedkommande går i svart regnjakke, med ei mørk hette som dekker øvre del av andletet. Personen ser ned medan han går konsentrert framover med korte og snare steg. Som om han er redd for å bli oppdaga. Kan nesten førestille meg det sleike smilet, med brunslitte tenner skimtande mellom leppene. Og anden i ei blanding av gamal kvitlauk og rulletobakk. Fysj, angsten brer seg som eit teppe over gata.

Eg skulle ikkje ha sett alle dei grøssarane. ”Eg har sett for mange av dei” tenkte eg denne bekmørke kvelden. Tanken på at Jason frå ”Fredag den 13.” skulle dukke opp bak neste sving var farefullt reell. Han med den longe slitte øksa i høgre hand, slepande ned i den lysgrå sprukne asfalten. Men la fiksjonsverk vere nettopp det. Og måtte kommunearbeidarane slutte og spare straum om natta. For det fins blodtyrste galningar, ikkje berre på film, men i røyndomen òg. Berre les avisa. Han er friskmeldt. Ein mann som står bak knivdrap og mordforsøk.

Mørket får den gamle gata til å verke meir slitt enn den verkar på dagtid. Ein potensiell overgrepsveg. Utan ei einaste åtvaring har eg hamna her. Det er ille det. Eg må dekke til andletet så godt eg kan. For han som kjem mot meg går bestemt i sine svarte kleder. Går med henda godt planta i lommene på ein kortare mørkeblå frakk. Ikkje har eg hette, men ein krage som dekkjer nedre andletsparti. Og svarte dongeribukser kamuflerer vel det meste av meg inn i mørket. Eg forsøker å verke beintøff, trass i at eg ikkje er ein kraftig kar. Personen nærmar seg. Andletet mitt kaldnar til, beina vert krumme. Men eg held stø kurs med målet å kome forbi han i svart. I det personen passerar får eg andenaud.

Ei søt eim av kirsebærparfyme bedøver frykta ganske plutseleg. Innunder hetta ser eg skjelvande lepper som glinsar av rosa kosmetikk. Vedkommande har ei lita rett nase og ei stram mine. Det kan eg sjå innunder den svarte hetta. Blaut, mjuk barnehud har ho. Vid opne auge i mørkebrunt og ermer i kross avslører at ho berre vil kome seg vekk. Frå meg og slukne gatelys.

Emneord: