Styreleiar ved sameige i Wexels Plass melde seg i fjor ut av Taggefri Fasade, den kommunale ordninga for fjerning av tagg i Oslo. Han syntast ordninga var dårleg utført.

Kom i konflikt med kommunens entreprenør – melde seg ut

Onsdag, 18 mars, 2015 - 17:11


For ordninga Taggefri Fasade må privat styreleiar betale eit fast beløp i månaden målt i talet på løpemeter fasade. For så at ein kommunal entreprenør kjem og fjernar tagg.

Dette målte Stopp Tagging AS - entreprenør for kommunen - opp sjølve hjå styreleiar André Hansen på Wexels Plass, noko leiaren for firmaet einast om. Hansen var ikkje med firmaet då dei målte dette opp.

Fem år seinare får Hansen beskjed om at firmaet hadde målt mindre løpemeter enn avtalt, og at dei ville etterfakturere det ekstra beløpet.

Hansen melde sameiget ut av Taggefri Fasade for om lag ti månadar sidan. Han såg ikkje anna rå fordi taggefjerningsfirmaet krevja etterfakturert pengar for dei fem åra sameige var innmeldt i ordninga. 

Styrleigaren fortel at han blankt avviser at dei har betalt mindre enn dei har blitt fakturert for, og at alt har blitt betalt med den sum Stopp Tagging AS har oppgitt.

– I utgangspunktet eit bra tilbod

Hansen seier sameiget melde seg inn grunna at kommunen promoterte det som ei god løysing.

– Det er jo i utgangspunktet eit bra tilbod. Stopp Tagging AS kom og målte opp løpemeter med fasade, og sende faktura som vi betalte, seier Hansen til Journalen.

Han seier han no har sett vaktmeisteren i jobben om å fjerne tagg i på sin fasade.

Hansen sleit frå starten av med å få kontakt med sekretariatet for Taggefri-ordninga - den kommunale abonnementsordninga for fjerning av tagg.

Ved fleire tilfelle tok det to til tre veker før han fikk svar frå nokon i den andre enden, seier han.

– Det var så og sei umogleg å få tak i ansvarleg, og vi er misnøgde med dårleg service, forklarar han.

Rusken er dei under Bymiljøetaten i Oslo kommune som er pådrivar for Taggefri-ordninga. Dei stiller seg uforstående til påstanden, og svarer i ein epost:

– Sekretariatet har eigen e-post, telefonnummer med telefontider og vi er ikkje gjort kjend med ein slik kritikk. Tvert om har vi positive tilbakemeldingar på dei. Men auka tilgjengeligheit er noko vi heile tida strevar etter, og forsøker å bli betre på. Vi tek difor kritikken til etterretning og vil forsøke å forbetre tilgjengelegheita. Vi ønskjer å gi så god informasjon som mogeleg til dei gardeigarane som ønskjer å melde seg inn i taggefjerningsordninga Taggefri fasade. Og her vil vi sjølvsagt gjere vårt ytterste for å bli betre.

Hansen seier han har overlate til Stopp Tagging AS om dei vil ta dette rettsleg eller ikkje.

Synast det er urovekkjande

Wexels plass.jpgBygården Wexels plass på Tøyen, som er kilden til konflikten mellom Hansen og kommunens entreprenør Stopp Tagging AS. Foto: Tommy Immanuel Alvestad Wiik

Leiar i Stopp Tagging AS, Vidar Atne, seier han ikkje kjenner seg att i det Hansen erfarar, og at Wexels Plass har betalt under halvparten av det dei skulle alle dei fem åra dei var med i abonnementsordninga.

Atne understreker at han mest sansynleg ikkje går vidare med saka.

Vidare seier han at korrespondansen mellom han og Wexels Plass har skjedd med ein annan. Journalen kjenner til vedkommande.

– Gardeigaren seier du ville etterfakturere dei for fem år?

Atne flirar og seier:

– Folk må slutte å røyke på jobb. Herregud. Det var ein artig vri, seier Atne.

Hansen skriv som svar i mail:

– Atne må gjerne halde fram med å vere useriøs og komme med flåsete kommentarar, det gir berre ein bekreftelse på at selskapet er useriøst, skriv Hansen.

Malar over tagg sjølv

I Dops gate står Kin Tran og målar vekk tagg på ei fasade. Ho arbeider som frisør i Alfa Krøll, og svarar oppgitt på spørsmål om erfaring med Taggefri-ordninga. Mellom anna er ho misnøgd med kriteria som var sett for å melde seg inn.

– Ordninga fungerer ikkje, berre så det er heilt klart. At dei ikkje svarar meg ved direkte kontakt seier litt, seier Tran.

Sjå video under:

Tran understreker at ho har fått tilbod frå andre byrå, men at det har vore for dyrt. Ho etterlengtar tilbod direkte frå kommunen, og peiker på at ho målar fasaden to til tre ganger i året. Noko som ho veit er skadelig for fasaden.

Rusken sjølv skriv i epost at dei ikkje mottek klager, men at dei tek til seg kritikk når det kjem til tilbodet tilgjengeligheit.

 

 

Emneord: