Kåringa av nynorskkommunen var på Litteraturhuset. Foto: Marie Askeland Lauvdal

Vinnaren av årets nynorskkommune

Måndag 22. November blei det heldt prisutdeling av årets nynorskkommune. Vinnaren blei Ål kommune i Hallingdal.
Tirsdag, 23 november, 2021 - 12:47

– Det betyr mykje, fortel Solveig Vestenfor, ordførar i kommunen.

Vestenfor fortel vidare at dei har jobba mykje i kommunen for å styrke nynorsken. Noko av det som har vært gjort er blant anna å lage rammer for at barn og unge kan skrive nynorsk. Det har òg blitt lagt til rette på biblioteket, ved at dei tar inn fleire nynorskbøker.


Ordførar Solveig Vestenfor (midt i) får prisen frå Statsekretær i Kunnskapsepartementet Foto: Marie Askeland Lauvdal

– Denne prisen betyr at arbeidet vi legg ned for å sikre gode rammer for nynorskopplæringa for unge og for ungdommar i kommunen, at ho blir sett og at ho blir verdsett. Og eg vil takke dykk i juryen at det har skjedd nettopp det, fortel ordføraren i takketalen sin.

Gratulerer dei andre nominerte

I takketalen sin fortel Vestenfor òg om kor mykje dette betyr for kommunen i Hallingdal.

–  Det er stor stas å bli plukka ut blant så verdige kandidatar, seier ho. Deretter gratulerer Vestenfor kommunane Herøy, Stadt og Kvinnherad, som er dei andre nominerte til nynorskprisen.


Ordførar er takksam for prisen kommunen har fått. Foto: Marie Askeland Lauvdal

Vestenfor fortel vidare i heimkommunen er det fleire element som gjer at ho ser eit aktivt og eit personleg forhold til nynorsken . Eit døme på dette var når fleire enn halvparten av innbyggarane i Ål i 2021 krysset av nynorsk på sjølvmeldinga. I tillegg kan ho òg sjå dette ved at kommunestyret i år vedtok at nynorsk framleis skal være opplærings -og administrasjonsmål i kommunen.

Prisen er frå Kulturdepartementet

Opninga av prisutdelinga sto Margrethe Kvarmens for. Her ønsket ho alle som kom hjarteleg velkommen.

–  Det er heilt tydeleg når eg les nominasjonane, og når eg høyrer frå vinnarkommunane, at det er ein pris som betyr mykje, fortel Kvarmnes i opninga.


Margrethe Kvarmnes til venstre, Statsekretær for kunnskapsministeren Oddmund Løksgard Hoel, Ordførar Solveig vestenfor, Hilde Bjørsvik kultursjef i Ål, Vegard Hoel oppvekstssjef i Ål, Anne Kaslegards biblitoeksjef og til høyre Karsten Diedreksen Rådmann Foto: Marie Askeland Lauvdal

Journalen tok sjølv ein prat med Kvarmnes etter prisutdelinga. Her fortel ho at det er Kulturdepartementet som står bak prisen, mens Språkrådet er dei som driv dei vidare.  Ho legg òg til at prisen er meint som en inspirasjon til andre kommunar.

Tags: