Dei som sorterar post er dei som først og fremst står i fare for å miste jobben. Foto: Thomas Kristensen / Flickr

Fryktar ny nedbemanning i Posten

Fire veker før Stortinget skal behandle postmeldinga, gjer Posten seg klar for nye kutt.
Torsdag, 3 november, 2016 - 12:20

– Me tar atterhald om at rundt 550 ansatte mistar jobben dersom Stortinget vel å slå saman A- og B-post, seier forbundsleiar i PostKom, Odd Christian Øverland til Klassekampen.

Må førebu seg på nedbemanning 

Tirsdag 29. November skal saka om samanslåing av A-og B post vurderast. Problemet byggar på tilrådinga frå Samferdselsdepartementet i Stortingsmelding 31: “Postsektoren i endring.” 

Allereie no har Posten gjeve beskjed til tillitsvalde i PostKom og Yrkestrafikkforbundet (YTF) om at dei må førebu seg på nedbemanning.

Posten ba dei tillitsvalde signere på dokumentet som seier: “Partene er sterkt opptatt av at arbeidstakerne får et realistisk forhold til framtidig jobbsituasjon-/jobbmuligheter som innebærer at mange må søke jobb utenfor selskapet.”

Misfornøgd

YTF syns behandlinga frå Posten er uheldig. 

– Det at våre tillitsvalde må signere på at folk må finne eit anna arbeid, det godtar me ikkje, seier forbundsleiar Jim Klungnes. 

Støtte frå saksordførar

Kjell Idar Juvik, saksordførar i behandlinga av saka, meiner Posten har gått litt for fort fram. Han meiner Posten bør avvente til Stortingsmeldinga er behandla. 

– Sjølv om A- og B-post kan bli slått saman, bør dei likevel vente til det endelege resultatet er bestemt, seier han til Klassekampen. 

 

 

 

Emneord: 
Tags: