Studentar må velje mellom idrett eller treningssenter

Denne hausten gjekk HiOA inn for at deira studentar skulle få det same treningstilbodet som universitetsstudentane. Det har gått hardt ut over idrettslaga.
Mandag, 28 november, 2011 - 14:39


Frå hausten 2011 gjekk HiOA inn for at deira studentar skulle få det same treningstilbodet som universitetsstudentane. Dette gjeld på Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus’ (SiO) treningssenter. Etter at innmeldingsavgifta vart redusert til 800 kroner per semester, melde heile 1206 høgskulestudentar seg inn i treningssentera hjå SiO. Men dette har ført til at studentforeningane ved HiOA har fått svært lite, eller ingen, tid i gymsalene på deira eigen skule.

Misnøgde med ordninga

Frå hausten disponerer SiO tre kvelder i HiOAs treningshall. Desse kveldene står hallen tom. Leiar ved HiOA IL, Rune Humberset, er svært misnøgd med ordninga.

- Me har fått førespurnader frå fleire idretter som vil trene her, men ikkje moglegheiter til å utvide, no som SiO disponerer tre dagar i hallen, fortel Humberset.

Han meiner også at HiOA IL er svært viktig for internasjonale studentar.

- Dei føler ei tilhøyrlegheit til skulen gjennom å trene ved HiOA IL. Det vert ikkje det same på SiO, seier Humberset.

Han kritiserer også at SiO ikkje brukar halltida dei disponerer, og forstår ikkje kvifor dei leiger hallen tre gonger i veka.

Humberset vil at HiOA IL skal kunne opne for fleire idrettsgreiener, som lacrosse og basketball. Foto: Siri Vikøren.

For at studentar ved HiOA skal kunne trene billig på SiO-sentera, betalar skulen eit beløp på 260 000 kroner. Dette finansierast mellom anna gjennom “Studenttieren”, som er ei avsetjing på 10 kroner per semesteravgift som vert betalt. Det vil seie at alle studentane bidreg til å halde treningsavgifta nede. I tillegg får SiO disponere tre dagar i idrettshallen på HiOA, der HiOA IL held til. Studentparlamentet meiner dette er problematisk.

- Me ønskjer at høgskulen skal ta meir økonomisk ansvar her. Me tykkjer det er bekymringsverdig at studentene sjølve må ta rekninga for å trene billig, seier Korssjøen.

Veljer det billigaste

Merete Fjeldså (19) og Stina Henriksen (19) er fyrsteårsstudentar på fysioterapi ved HiOA. Dei valde å melde seg inn på SiOs treningssenter på grunn av pris.

- For meg er det ikkje viktig kva senter eg trenar på. Det er prisen som avgjer, fortel Henriksen.

Begge er samde om at dersom prisen går opp, vil dei nok velje andre senter.

- Eg kjem nok heller til å velje SATS eller Elixia dersom treningsavgifta går opp. Der er det bra saltimar, og eg bur mykje nærare. Det er svært viktig at prisen vert haldt nede, seier Fjeldså.

Dei ønskjer også at skulen vil bidra til å halde prisane nede, men ser ikkje vekk ifrå at studentane må bidra litt sjølve.

- Det er greit for meg om litt av semesteravgifta går til trening, sjølv om sikkert ikkje alle er samde i det, seier Henriksen.

Stina Henriksen håpar skulen vil bidra økonomisk til å oppretthalde billig trening. Foto: Marthe Vee

Kan ikkje få i pose og sekk

SiO disponerer ein del eigedom frå UiO, og difor får universitetsstudentar trene billig på treningssentera. Etter samanslåinga av OAS og SiO, var det viktig for mange at høgskulestudentane skulle få det same treningstilbodet som universitetsstudentane. Det førte til prøveordninga som starta hausten 2011. I møter mellom SiO, leiinga ved HiOA og HiOA IL er det komen fram at ingen er nøgde med avtalen slik han er no, sett vekk ifrå HiOA. Det skal difor vere eit nytt møte i desember, der ein skal kome fram til ei ny løysing.

Ragnvald Thilesen, direktør ved HiOA, har fulgt saka sidan i haust, og meiner det er vanskeleg å kome fram til ei løysing.

- Studentparlamentet vil ha både i pose og sekk. Dei vil både ha billig trening på SiO, og at studentforeiningane skal få trene alle dagane i idrettshallen. Det er uforeineleg, seier Thilesen.

Kva som vil skje vidare med treningshallen og SiOs tilbod, vert truleg bestemt i byrjinga av desember.

SiO var utilgjengeleg for kommentar.

 

 

 Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO)

- Vart etablert i 1939, og er difor den eldste samskipnaden i Oslo.

- Har fire treningssenter rundt om i byen, der to av dei ligg nære Universitetet i Oslo.

- Studentar ved HiOA eller UiO betaler 800 kroner per semester, medan andre studentar må ut med 1750 kroner.

 

HiOA IL (tidlegare BSIL):

- Kan tilby desse idrettane: handball, volleyball, innebandy og futsal.

- Har ei årsavgift på 150 kroner. Internasjonale studentar får halv pris.