HiOA-studentar med ny læringsplattform

Tidlegare dataingeniørstudentar ved HiOA gjekk lei Fronter og Itslearning. Dette gav dei ideen til Studentportalen.
Torsdag, 10 oktober, 2013 - 12:56


Dagens studentar må dagleg innom fleire tenester for å halde følgje med studiet sitt. Timeplanar er gøymt vekk i kompliserte mappesystem, kommunikasjon mellom medelevar skjer via Facebook, dokument må lastast ned for å kunne sjå innhaldet, og læringsplattforma krev krunglete brukarnamn og passord ved innlogging.

– Med Studentportalen vert det ein enklare studentkvardag, lovar Are Almaas og Kenneth Lynne.

Enklare studiekvardag

- Studentportalen vert ein komplett og brukarvennleg læringsplattform. Studentar skal til dømes ikkje trenge å bruke eksterne verktøy som Facebook for å kunne samarbeide med kvarandre, fortel Almaas.
Gründer-duoen er i kontakt med Innovasjon Norge og Innovasjon Kjeller (HiOA sitt eige fond som deler ut forskingsstipend). Dei er også i dialog med ulike Høgskular som ynskjer å stille som forsøkskaninar for prosjektet. Vidare håpar gutane på å få klar ein tidleg testversjon innan 2013, og at den endelege læringsplattforma er ferdigstilt innan våren 2014.

Har store planar

Visjonen til dataingeniørane er at Studentportalen skal opne for at kven som helst skal kunne lære når som helst og kvar som helst – gratis. Dei som ynskjer det vil få moglegheita til å laste opp allment tilgjengeleg undervisingsmateriale. Med dette vert læring tilgjengeleg for alle, uavhengig av studie, alder og bustad.

Dei ser også for seg at læringsplattforma skal inkludere ei rekkje andre nye funksjonar. Dette gjeld blant anna enklare og kjappare innlogingsmoglegheiter.

- Dette ynskjer me at skal gå an å gjere via Facebook eller Google, seier Almaas. Vidare vil dei at studentar skal kunne motta endringar, til dømes i timeplanen, direkte på mobilen eller PC-en og at dokument skal kunne førehandsvisast, slik at dei slepp nedlasting.   

IllustrasjonsbileteMange skular har allereie byrja å ta i bruk videoforelesingar, men manglar ein læringsplattform som er tileigna dette. Foto: Illustrasjonsbilete.Videoforelesingar

Eitt av dei store satsingsområda til Studenportalen, er bruken av videoforelesingar. Tanken her er at forelesingar skal kunne filmast og publiserast på nett. Almaas ser mange fordelar med dette.

- Dersom ein er sjuk, har vore vekke i frå skulen i lengre periodar, læraren går gjennom vanskeleg stoff, eller om ein ynskjer å repetere pensum før eksamen, vert det enkelt å finne igjen forelesinga og sjå ho på nytt, forklarer han. Vidare legg han til at dei også håpar på at det vert mogleg å streame forelesinga direkte frå klasserommet til nett.

Dette tilbodet kan også komme vidaregåandeelvar til nytte. Fordi forelesingane kan bli tilgjengeleg for alle, vil kommande studentar kunne ta ein smugtitt på studiet dei interesserer seg for før dei søkjer.

Sterk konkurranse

Dei sterkaste konkurrentane vert Fronter og Itslearning. I dag er desse dei vanlegaste læringsplattformane på norske skular.

Men HiOA-studentane er ikkje redde for å ta opp kampen.

- Dette er plattformar som har latt vere å fornye seg og som ikkje har tilpassa seg etter brukarane sine behov, meiner Almaas. Vidare forklarar han kvifor dei har moglegheita til å hevde seg på marknaden.

- Fordi me er ei fleksibel bedrift, kan me etablere gode og nyskapande løysingar på kort tid. Dette alltid med studentar, brukarvennlegheit og design i fokus, avsluttar Almaas.

Knusande ro

Fronter lar seg ikkje true av kritikken frå gründerane, men er positive til meir konkurranse.

- Me har mange konkurrentar allereie og ønskjer nye konkurrentar velkomne, seier Kirsti Rogne, kommunikasjonsdirektør i Fronter. Vidare fortel ho at dei ikkje har lagt opp til noko anna strategi enn å halde fram med å vere ein god læringsplattform.

Journalen har foreløpig ikkje lukkast i å få tak i ein kommentar frå Itslearning.