Omveltingar på Aker

Frå nyttår vil aktiviteten på Aker sjukehus vere redusert med 60 prosent.
Torsdag, 21 oktober, 2010 - 13:28


- Pasientar frå Alna bydel og Follo-kommunane, som tidlegare har vore på Aker, vil bli overført til Ahus, seier Jan Eirik Thoresen, viseadministrerande direktør ved Oslo universitetssjukehus, som også omfattar Aker.

Ahus (Akershus Universitetssjukehus) skal vere klar til å ta imot om lag 160 000 fleire pasientar ved årsskifte.

Pasientar som har byrja på ei behandling på Aker likevel skal ha moglegheit til å fullføre behandlinga der. Det vil altså ikkje bli snakk om transportering av pasientane som er under behandling.

Bydelane tar over

Nestleiar i bydelsutvalet på Bjerke, Geirmund Jor (SV), trur omstillinga vil vere gunstig for Aker sjukehus.

- Tilbodet på Aker vil bli veldig annleis enn det det har vore tidlegare. Som ein del av samhandlingsreformen, vil bydelane etter kvart overta nokre av dei tilboda Staten tidlegare har hatt ansvar for, seier Jor.

Han seier det kan vere aktuelt å ha Aker som ein mellomstasjon for folk som har blitt operert, men som likevel er for svake til å reise heim.

- Då kan Aker kanskje ha eit sjukehushotell, for å bruke det omgrepet. Eg ser føre meg at dette kan vere ein stad der legar og anna helsepersonell kan vere tilgjengeleg, dersom noko skulle gå gale.

Bør brukast til helseføretak

Etter fusjonen vil under halvparten av bygningane på Aker sjukehus bli bruka som ein del av Oslo universitetssjukehus.

- Det er gunstig for bydelen om resten av bygningane på Aker framleis kan brukast til helseføretak, seier Jor.

Sjukehuset er no i dialog med Oslo kommune om kva slags aktivitetar dei kan samarbeide om i framtida.

Kutt på to milliardar

Budsjettet til Oslo Universitetssjukehus skal i løpet av 2011 kuttast med to milliardar kroner. Med eit så stort kutt i sjukehusaktiviteten, vil mange av dei tilsette måtte flyttast.

Jan Eirik Thoresen håper mange av dei tilsette ved Oslo universitetssjukehus vil bli ein del av arbeidsstokken på Ahus.

- Så langt det let seg gjere, vil me prøve å unngå oppseiingar, avslutar han.

Emneord: