Denne trioen skal få deg på sykkelsetet

Det norske folk er late, overvektige og gjer unna syklinga si på ergometersyklar og som stillesittande Tour de France-sjåarar. No skal vi derimot piskast opp på sykkelsetet av flunkande nye ministrar!
Tirsdag, 22 april, 2014 - 14:05


“Det er stor helsegevinst både i små skritt og små turar! Å gå til butikken eller sykle til jobben sett deg ikkje berre i betre fysisk form, det gir også meir overskot og betre humør”.

Slik opnar Sykle til Jobben-aksjonen si oppmoding til folket i Noreg, før fleire argument om helse og miljø blir dregne fram. For no skal vi sykle til jobben, for 41. gong.StortingetStortinget i Oslo, 22. april 2014. Foto: Hans-Olav Rise.

I regi av Bedriftsidretten, med mellom andre Statens vegvesen, Helsedirektoratet og Røde Kors bak seg, skal vi på ny inspirerast til å trø ein evig marsj mot jobb.

Fordel Høie

Men kva er så nytt i år?

Jau, vi får sjå flunkande nye ministrar på sykkelsetet - i flott og inspirerande positur. Saman med generalsekretær i Noregs Idrettsforbund, Inge Andersen, og Paralympics-utøvar Birgit Skarstein, skal tre politikarar sykle frå Nobels Fredssenter til Stortinget torsdag. Utøvarane er:

1. Bent Høie, 42 år frå Randaberg i Rogaland: Helse- og omsorgsminister frå Høgre.

2. Ketil Solvik-Olsen, 42 år frå Time i Rogaland: Samferdsleminister frå Framstegspartiet.

3. Astrid Nøklebye Heiberg, 78 år frå Oslo: Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet frå Høgre.

Vi kan kjapt sjå at Høgre-veteran og psykiater Nøklebye Heiberg er outsideren. Ho har alderen imot seg og vi trur at lokalkjennskap til løypeområdet og heimefordelen ikkje er stor nok til å jamne ut aldersforskjellen.

For politikarkampen vil truleg stå mellom dei to 42-år gamle ministrane frå Rogaland. Høie er tre månader yngre og skal som helseminister vere i best form. Samstundes kan Høie fort vere sliten etter mange månaders kanopadling i det salte havet kjent som reservasjonsrett. Og trass i litt fleire centimeter rundt livet er Ketil Solvik-Olsen på offensiven med smil og ei lang skryteliste.

Vi har spurt folket på gata om kva dei trur om “prestistjeløpet” og spurt om dei sjølve syklar til jobben.

- Hadde vore gøy å sjå på

28 år gamle Fredrik er éin av svært mange i Oslo sentrum denne solfylte tysdagen. Han syklar ikkje til jobben.

Fredrik (28)Fredrik frå Skien syklar ikkje til jobb. Manglande sykkel og manglande jobb er ein stor del av problemet. Foto: Hans-Olav Rise.- Nei, det gjer eg ikkje. Eg har ikkje sykkel, fortel han.

- Hadde du sykla til jobben om du hadde sykkel?

- No har eg ikkje jobb heller, men, ja, heime i Skien hadde eg nok sykla til jobben.

28-åringen trur det kunne vore litt inspirerande å sjå ministrane sykle.

- Men då skal eg spele Dungeons & Dragons (journ.anm. rollespel), meddeler Fredrik, som er usikker på kven som er kjappast av Høie og Solvik-Olsen.

Høyr intervjuet med Fredrik under her.

Trur på samferdsleministeren

To andre Journalen møter er ekteparet Harald (62) og Martha (57). Dei trur Ketil Solvik-Olsen er den argaste syklisten.

Ilin (25)Foto: Hans-Olav Rise. 

- Han har nok eit veldig konkurranseinstinkt, trur paret - som sjølve både har sykla til jobb og delte i sykle til jobben-aksjonen.

25 år gamle Ilin hadde derimot ikkje høyrt om aksjonen ein gong.

- Eg kan tenkje meg at det er gøy å sjå på, men eg hadde ikkje høyrt om det, fortel 25-åringen - som ikkje syklar til jobb:

- Det er mest fordi det er litt klønete. Eg må sykle nedover Ryen då og der er det masse grus, seier ho.

Fleire av dei andre vi møtte hadde trua på både helseministeren og samferdsleministeren. Likevel er det nok ikkje noko konkurranseaspekt som er i fokus.

Høyr intervjuet med Ilin under her.

Ikkje berre sykling

- Sykle til jobben er Bedriftsidretten sin aktivitetskonkurranse. Måla er mellom anna å stimulere til aktiv reise og auka kvardagsaktivitet, opplyser kommunikasjons- og marknadssjef Lotte Frost i Bedriftsidretten.

Deltakarane kan registrere all fysisk aktivitet på nettet - ikkje berre sykling. Ein kan gå, rulleskøyte, bruke rullestol og så vidare, fortel Frost.

Aksjonen blir avslutta 20. juni og har altså startdato 24. april.

Emneord: