Opning av lokal kolonial på Lille Tøyen

På Lille Tøyen opna det i dag ein ny kolonial, bygd opp etter gamlemåten.
Torsdag, 29 oktober, 2015 - 14:55


– Vi ynskjer å gjenskape den gamle kolonialkjensla, sier Kaja Rambæk Holmboe-Bang, som saman med Christine Hammer i dag har opna Lille Tøyen Kolonial.

Kaja er kokk medan Christine har bakgrunn fra design, marknadsføring og prosjektleiing innan bærekraftig mat.

ButikkhyllerProdukta er oversiktleg presentert i trehyller. Foto: Lene Sørøy Neverdal Kortreist og økologisk

– Vi vil selge dei produkta ein vanlegvis må leite etter, seier Kaja.

Varene i butikken er smakfult presentert i trekassar, og i oversiktlege hyller. Leverandørane er nøye utvalt, og dei fleste er frå nærområdet.

– Vi jobbar framleis med å finne gode leverandørar. Det meste er norsk og økologisk, men det er ikkje alle produkt det går an å få tak i, og derfor er noko importert, seier Kaja. 

Nærkontakt med kunden

– Vi ynskjer å snakke med kundane våre og gje gode råd og rettleiing, seier Kaja.

I hjørnet av butikken er sitjegrupper, der folk kan treffast for diskutere mat, eller for å nyte ein kaffi frå Tim Wendelboe. Kaja og Christine ynskjer å skape ein sosial opplevelse rundt det å handle.

Kaja Rambæk Holmboe-BangSaman med Christine Hammer har Kaja jobba i eit år med å få på plass denne kolonialen. Foto: Lene Sørøy NeverdalLokal kolonial

Etter at den lokale butikken i Lille Tøyen hageby sengte for eit år sidan fekk Kaja idèen om a starte butikk i det tomme lokalet. Lokalet ligg i eit historisk bygg midt i Lille Tøyen hageby.

– Det er først og fremst ein nærbutikk for Lille Tøyen hageby, men vi håpar sjølvsagt at andre tek turen, seier Kaja Rambæk Holmboe-Bang.

Allereie på opningsdagen var kafeborda fylt av handlingsglade gjestar. Fleire barnevogner sto parkert utanfrå, og det var kø i kassa. Folk sto i tillegg i kø for å gratulere gründarane Kaja og Christine.

– Vi har fått god respons frå naboane, seier Kaja.

Operasjons dagsverk

Emilie Barlie (16) og Elias Mahler (12) er heldige og fått høve til å vere med på opinga av den nye lokalbutikken.OpningshjelpEmilie og Elias jobbar på kolonialbutikken i høve OD-dagen. Foto: Lene Sørøy Neverdal

– Det er kjekt å få vere med på opninga, spesielt sidan eg bur i nabolaget, seier Emilie, som kjem frå Edvard Munch videregåande skule.

Saman med Elias har dei sitt operasjon dagsverk på Lille Tøyen Kolonial. Elias synes også det er stas å få vere med på opninga.

– Eg har fått hjelpe til med å sette fram skilt og eg har fått hjelp til i oppvasken, seier Elias, som kjem frå Rudof Steinerskole på Lørenskog.

– Vi starta med forbreding ein time før butikken opna, seier Elias, og tilfører at det har vore ein del kundar etter butikken opna klokka 12.   

Emneord: