Stille før Bieber-stormen

– Me er førebudde på pågangen som eventuelt måtte kome, seier sikkerheitsansvarleg.
Torsdag, 29 oktober, 2015 - 12:20


Sju tenåringsjenter hadde møtt opp utanfor Chateau Neuf klokka 10:30, i håp om å få eit glimt av sitt store idol. I anledning Justin Bieber sitt promo-besøk, har dei forventningsfullt trassa haustkulda utan eingong å vere sikra eit møte med popstjerna.

– Me har teke fri frå jobb og førelesing for å vere her, seier Kristine Fredriksen (19) og Miriam Sium (18). Dei to har venta sidan sekstida i morges.

Oppe tidlegKristine Fredriksen (19) og Miriam Sium (18) har allereie venta i fire timar. Foto: Ruth Einervoll Nilsen. 

Målet er å berre få sett Justin Bieber, men dei håpar også på ein konsertbillett i siste liten.

– Universal har enno ikkje annonsert konkurransevinnarane, så me har fortsatt håp. Me har delteke i alle konkurransane som har vore, men utan å vinne, seier Miriam Sium.

Sikkerheitsansvarleg for arrangementet, Henning Kristiansen frå ProSec, er nøgd med situasjonen sålangt.

– Det har møtt færre enn forventa, men me er godt førebudde, forsikrar han.

Eksklusivt besøk i Noreg

I kveld skal Justin Bieber gjeste Senkveld på TV2, samt halde ein showcase-konsert for bransjefolk, spesielt inviterte og konkurransevinnande fans. Stjerna ankom Gardermoen 04:30 torsdag morgon, og skal etter ryktene ankome Chateau Neuf i 18-tida i kveld.

Bieber-feber

Dei oppmøtte har reist i omlag ein time for å vente på sin store helt.

– Justin Bieber betyr alt for oss. Me har vore fans sidan 2009, og vore på alle konsertane, seier Amalie Grini (15).

Kristine Fredriksen og Miriam Sium er einige, og seier at popstjerna er ein stor del av liva deira.

– Han var den første kjendisen eg likte, og eg vart hekta frå første låt. Justin Bieber betyr mykje, så eg trur kollegane skjønar kvifor eg ikkje er på jobb, ler Fredriksen.

Kloke av skade

Sikkerheitsansvarleg Kristiansen merkar at fansen har blitt flinkare til å tenkje sikkerheit med åra.

– Me har teke lærdom frå Bieber sitt første besøk i Noreg, og har no fokusert på å gje klar informasjon. Det har blitt sett opp gjerder over heile området, så det vil ikkje gå an å storme inn, slik me diverre såg førre gong, seier Kristiansen.

Han synest at situasjonen utanfor Chateau Neuf førebels ser ut slik arrangørane håpa.

– Få har dukka opp, kanskje fordi me har sendt ut tydeleg informasjon om at det ikkje vil vere mogeleg å sjå Bieber. Fansen har også blitt betre på å forhalde seg til beskjedane me formidlar, seier sikkerheitsansvarleg, og forsikrar at dei har situasjonen under kontroll.

Nattejakt etter Bieber

VentetidOda Sofie Helmen (14), Amalie Grini (15) og Elin Mengkrogen (15) har vore ute ute og leita i natt, og kom til Chateau Neuf 05:00 i dag tidleg. Foto: Ruth Einervoll Nilsen.

Før gjengen ankom Chateau Neuf, hadde dei vore ute heile natta for å leite. Amalie Grini (15), Oda Sofie Helmen (14) og Elin Mengkrogen (15) følgte spor frå Bieber-dansarane sine bilete, og oppsøkte ulike hotell for å lokalisere popstjerna og crewet.

– Me kom hit klokka fem i morges, og blir veldig skuffa dersom me ikkje får sett han, seier Elin Mengkrogen. Dei andre nikkar.

Trass i klare sikkerheitlinjer frå arrangøren, trur jentene likevel at Bieber vil kome ut for å helse.

– Dei same beskjedane har blitt gjevne i andre land, men han har kome ut likevel, så me trur sjansen er ganske stor for at han vi gjere det i dag også er stor, håpar Oda Sofie Helmen.

Emneord: