Forebygger fordommar med open dag i moskéen

Med open dag ynskjer ICC å skape ein møteplass for muslimar og ikkje-muslimar.
Mandag, 25 januar, 2016 - 13:03


Hutrande menneske trakkar sine slapskledde sko over terskelen til noregs eldste moské ein kald kveld i januar. Ved inngangen på Islamic Cultural Centre (ICC) på Grønland ligg sko strødd utover. Herresko skal i eit rom til høgre og kvinnesko skal i ei lita hylle på venstre side.

I trappa står ein guide og ynskjer velkommen til omvisning. Ein kan få ei kjensle av å vere heime når ein går i sokkelesten på teppegulv, men her er mykje som tydar på at ein ikkje er på heimebane. Matlukta er framand og praten susar på både kjente og ukjente språk.

Guida tur i islamsk kultur

For åttande gong har ICC invitert til open dag i moskéen. Ved sidan av å få guida tur, kan ein mellom anna lytte til foredrag, prøve ein hijab eller få namnet sitt skrive på arabisk. Guide Awais Ahmad har med seg ei større gruppe inn i bønnerommet.

- Dette er mennene sitt bønnerom. Kvinnene ber i etasjen over, seier Ahmad, og legg til at menn har større plikt til å be, medan kvinnene kan velge om dei vil be dagleg, då den største plikta er å ta vare på familien.

På veggen heng ei digital tavle som syner tidspunkt for dei ulike bønnene. Kvite striper på blått vegg-til-vegg-teppe syner retningen til Mekka. Rommet er opent og tomt, sett vekk i frå ei flislagt nisje med arabisk skrift i det eine hjørnet. Det er ein mihrab og skal symbolisere ei slags dør til Mekka. Det er tre bønnesalar i moskéen, men dette er den største. 

Dialog og kunnskap

I følge Statisktisk sentralbyrå er Islam den nest største religionen i Noreg, samt den raskast voksande. I Oslo er 9 prosent av befolkninga medlem i eit islamsk trusamfunn. Islamic Cultural Centre blei oppretta i 1974 som den første islamske organisasjon og moské i Noreg.

ICC har som formål å arbeide for at muslimer kan leve i samsvar med den islamske læren i det norske samfunnet, og bidra til å bygge opp ein norsk-muslimsk identitet. ICC ynskjer å vere ein brubyggar som skapar gjensidig forståing og respekt mellom muslimar og ikkje-muslimar.

- Det har vore ekstra stor interesse i år og i fjor, seier Awais Ahmad, som er styremedlem i ICC, og for anledninga guide i moskéen. Ahmad legg til at moskéen eigentleg er open for alle kvar dag, men at ein med å invitere til open dag senkar terskelen for ikkje-muslimar å komme inn. Imam HamidMed open dag ynskjer ICC å skape ein arena for dialog. Foto: Lene S. Neverdal

Ein gang i året inviterast nyfikne gjestar til moskéen for å få eit innblikk. Om lag 250 besøkande var innom den opne moskéen denne torsdagen.

- Vi ynskjer å skape ein arena der ein kan snakke saman, og der vi kan bryte ned fordommar, seier Ahmad.

- Vi starta med det her fordi folk var både skeptiske og negative, fortel Arsha Jamil, som var initiativtakar første gong moskéen inviterte til open dag.

- Kom å sjå korleis vi lagar bomber, sa vi til folk første gang vi inviterte til open dag, seier Jamil med glimt i auge og eit lurt glis.

- I tider der ytterpunkt pregar debatten er slike tiltak veldig viktige. Vi treng ein møteplass og ein arena der vi kan snakke saman. Majoriteten av muslimar må setje dagsorden og ikkje ekstreme stemmer, seier Jamil.

Første moskébesøk

Turid Jørgensen har aldri vore i ein moské før, men har nytta høvet i dag.
Turid Jørgensen Turid er ein av gjestane i moskéen, og har fått prøvd ein hijab. Foto: Lene S. Neverdal

- Sonen min er gift med ei jente frå Somalia, som er muslim, og av den grunn vil eg gjerne bli betre kjent med islam og miljøet som ho kjem i frå, fortel Jørgensen. Hun trur at open dag i moskeéen bidreg til å bryte ned fordommar. Under besøket har ho handhelst på imamen, smakt islamsk tradisjonskost og prøvd ein hijab.

- Det er viktig med forståelse og respekt for kvarandre. Man veit jo ikkje kva noko er før ein har sett eller opplevd det, seier Turid Jørgensen.

Plutseleg vert det stille i det ellers summande rommet. Det er berre kvinner og barn igjen i rommet, og ei rekke har stilt seg opp i eine kroken, men anletet vendt mot Mekka.

Det er tid for bøn. Syngande messing brer seg utover medan dei bedande bøyrer seg, og deretter røyser seg. Utover i rommet sit gjestane på teppegulvet og føljer nøye med.

 

 

Emneord: