Ingen veit om lettbrus skader deg

Noreg er det landet i verda som drikk mest Pepsi Max, men ingen kan gi klare svar på kva den gjer med helsa di.
Fredag, 29 november, 2013 - 11:15


Heile ni prosent av verdas konsum av leskedrikken skjer i Noreg. Det er ikkje klart kva verknad dette har på folk som inntar store mengder, men fleire meiner dei er avhengige av lettbrusen.

- Det har skjedd at eg har stått opp om natta for å drikke Pepsi Max, seier Mathilde Hjelmeland, som kan opplyse om at ho har eit eige Pepsi Max-kjøleskap på nattbordet. Ho drikk om lag éin og ein halv liter Pepsi Max dagleg.

HØYR REPORTASJEN HER.

Mange har avhengnadsproblem

Det er ikkje berre Hjelmeland som er avhengig av Pepsi Max, skal vi tru ernæringsterapeut Torild Stangebye på klinikk for alle i Bergen.

- Det vi veit av erfaring er at det er mange som slit med dette og for dei er det helseskadeleg. Og det er vanskeleg å venne seg av, seier ho.

Akkurat kva som er helseskadeleg i leskedrikken er vanskeleg å påvise, og det er omdiskutert om Pepsi Max har skadeleg verknad på dei som drikk det. Eitt søtningsstoff som er mykje brukt i lettbrus er aspartam, og dette stoffet er det mykje ueinigheit om.

-Aspartam inneheld mellom anna tresprit, som blir omgjort til farlege stoff i kroppen, seier ernæringsterapeuten.

Forsvarer lettbrus

Nicolay Bruusgaard er marknadssjef i Ringnes, som produserer Pepsi Max i Noreg. Han meiner at lettbrus ikkje er skadeleg.

- Det er blitt gjort mange forskingsprosjekt på dette, og ingen viser at aspartam er skadeleg, seier han.

- Lettbrus er eit godt alternativ til sukker, som jo er påvist skadeleg, seier Bruusgaard og opplyser at alt må drikkast med måte.

Emneord: