Legeforeininga vil forby tobakkssalg i Noreg

Etter å ha kome med framlegg om å forby sal av tobakk i Noreg, har Legeforeininga møtt mykje motstand. Helsedirektoratet meiner eit slikt framlegg vil vere umogleg å gjennomføre.
Mandag, 27 oktober, 2014 - 13:02


Om Legeforeininga får det som dei vil, vert det ulovleg å selje allle formar for tobakk innan 2035. Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke ynskjer Legeforeininga velkomen etter med sitt framlegg, medan Helsedirektoratet stiller seg kritisk. Dei menier at ein må gå andre vegar for å nå målet om eit tobakksfritt samfunn, som til dømes høgare avgifter. Helsedirektoratet er òg nøgd med den nye lova som forbyr all tobakksbruk innanfor skule- og barnehageområder.

Studenten Jonas er ikkje tilhengar av framlegget, og meiner det er for mykje detaljstyring frå regjeringa.

   - Folk må få ta sine eigne val, seier han.

Likevel seier Jonas at eit slikt forbod truleg ville fått han til å stumpe røyken. 

 

 

 

Emneord: