Frogner stadion godkjend for skøyte-NM

Oscarløpet blei dette året gjennomført som ei generalprøve til NM, som går av stabelen på Frogner stadion rett før jol.
Torsdag, 25 november, 2010 - 12:39


- Dette er berre som ein test for arrangørane å rekne, men det er spanande å sjå om banen fungerar som ein har tenkt, seier Per Erik Martinussen, leiar i Oslo Skøiteklub.

Før løpsstart blei startpistolen testa fleire gonger og instruksar gjevne både her og der. Funksjonærane fekk dreisen på stoppeklokkene, og speakeranlegget byrja å virke rett før fyrste par skulle i ilden.

Ikkje truga av NRK

Oscarløpet har blitt arrangert av Oslo Skøiteklub sidan 1959. Sidan slutten av 1980-talet har løpet gått på Valle-Hovin, men i går kveld var løpet tilbake der det starta.

Førre veke kom NRK med eit ulitmatum til skøytesporten.  Dersom idretten ikkje fornyar seg innan 2013, vil NRK revurdere skøytesportens sendetid på norsk TV. Martinussen ser ikkje på dette som eit reelt problem.

- Med det nye stadionet blir det nok større rekruttering. Den store mangelen på is har gjort rekrutteringa dårleg dei site åra, men med dette på plass er eg sikker på at nivået på norsk skøytesport vil bli høgare.  Eg trur at så lenge norske utøvarar held eit høgt nivå, vil interessa blant publikum i Noreg vere stor.

Per Erik Martinussen, leiar i Oslo Skøiteklub, var nøgd med gjennomføringa av generalprøva. Foto: Johanne Flottorp

Trur på betre klubbnivå

- Sven Kramer annonserte tidlegare denne veka at han ikkje kjem til å gå eit einaste løp denne sesongen. Kan det ha ein positiv effekt for norsk skøytesport?

- Det blir i alle fall lettare for andre, deriblant nordmenn, å vinne då, seier Martinussen.

På Frognerisen onsdag kveld var det ein tidlegare landslagsløpar som utmerka seg. Lars Kvaalen gjekk inn til tida 39,6 på 500-meteren. Sjølv har han trappa ned stasinga for å studere fulltid, men om ikkje Oslo Skøiteklubb kjem til å ha løparar i noregstoppen dei næraste åra, trur Kvaalen nivået i klubben vil bli betre etter kvart.

-Banen er sentrumsnær og forholda er fine. Rekrutteringa har vore nesten fråverande dei siste åra, så eg trur dette gjer godt for skøytesporten, seier Kvaalen og legg til at det var synd banen, som er heimebanen hans, ikkje blei klar medan han enno var aktiv.

Stor sportsleg verdi

- Å vere leiar i klubben no om dagen er ei interessant oppgåve. Det er spanande å bygge opp att noko som har vore så bra tidlegare, seier Martinussen.

Frogner stadion har blitt pussa opp for mangfoldige millionar, og klubbleiaren trur oppussinga vil få stor sportsleg verdi.

- Bislett stadion har ikkje lengre funksjon som skøytestadion, og sidan det førre stemnet på Frogner stadion for over 20 år sidan, er det berre Valle-Hovin som har vore ein brukbar skøytearena i Oslo dei siste åra. Skal rekrutteringa bli betre, treng ein gode stadionar.

Framover vil Frogner stadion bli brukt både profesjonelt og til lågterskeltilbod. Det er mange skular i området, og elevane der kan bruke stadionet i skulesamanheng. På indre bane er det skøyteskule for unge, og under Oscarløpet var det mange born som prøvde seg på isen for fyrste gong.

Klare for NM

Arrangørane hadde møte etter løpet, og det var berre små delatjer å utsetje på stadionforholda.

- Alt i alt var gjennomføringa bra, så me kan absolutt arragere eit godt NM her. Det manglar berre nokre tekniske justeringar, og så er alt klart, seier Martinussen.

Under NM trur arrangørane på gode løp.

- Tida til Lars Kvaalen vitnar om at isen er rask. Det var veldig moro å sjå at det gjekk så bra i generalprøva, seier Martinussen.

Tags: