Tek ibruk nyoppussa stadion

Frogner stadion har ikkje blitt bruka av skøyteløparar på over 20 år, men i kveld er det generalprøve til allround-NM.
Onsdag, 24 november, 2010 - 11:43


Det har ikkje vore mange klappskøyter på startstreken på Frogner stadion, av den enkle grunnen at klappskøytene ikkje var oppfunne då det siste stevnet blei arrangert på Frogner. Stadionet har ei lang historie og var hovudarenaen for alle internasjonale meisterskap som blei arrangert i Oslo før den andre verdskrigen. Oscar Mathisen har fått både eit skøyteløp og ein statuett oppkalla etter seg, i tillegg til at statueversjonen av han er plassert ved inngangen.

Første stemne etter oppussinga

I kveld går unge og gamle løparar med klappskøyter på isen for første gong i eit offisielt stemne etter oppussinga av Frogner stadion. Førre gong det blei arrangert skøyteløp her var i 1989, før Oscarstevnet blei flytta til Valle-Hovin. No er minneløpet til Oscar Mathisen endeleg tilbake på stadion der Mathisen sjølv stod for rekordtider.

Løperane som testpersonar

- Denne utgåva av Oscarløpet blir litt annleis enn tidlegare år, sidan løpet i kveld blir ei generalprøve til NM som blir arrangert her om tre veker. I år har me berre med lokale løparar, sjølv om Oscarløpet til vanleg er eit stemne av nasjonal karakter, seier nestleiar i Oslo Skøiteklub, Hasse Farstad.

Arrangørane i skøyteklubben er glade for at dei har fått tak i løparar som vil hjelpe dei i testinga av tidtakarsystemet, lydanlegget og resultattavlene før NM går av stabelen.

Den 52. utgåva av Oscarløpet har 15 påmelde i alle klassene tilsaman.

Tags: