Fire drepne i skyting på jødisk skule i Frankrike

Toulouse: Fire personar mista livet då ein mann på motorsykkel byrja å skyte utanfor ein jødisk skule mandag morgon.
Mandag, 19 mars, 2012 - 12:05


Tre barn og ein rabbinar vart drepne i skyteepisoden, som fann stad på privatskulen Ozar Hatoriah i Toulouse, sørvest i Frankrike. Barna var tre, seks og ti år gamle. To av dei var barna læraren ved skulen.

– Han skaut på alt han kunne sjå, barn og vaksne. Han jaga bara inn på skulen, sier Michel Valet i den lokale påtalemyndigheita, ifølgje AFP.

Israel er svært opprørt over det som har skjedd.

– Me er forferda over angrepet. Me stoler på at franske myndigheiter vil setje fullt søkjelys på denne tragedia, og bringe dei ansvarlege for retten, seier talsmann for det israelske utenriksdepartementet Yigal Palmor.

Også Frankrikes rabbi Gilles Bernheim seier han er forferda, og reiste umiddelbart til Toulouse.

Politiet har starta ein stor leiteaksjon, men førebels er ingen vorte pågripne. (©NTB)

Emneord: