Ap leiar valet i Skedsmo

5000 førhandsstemmer er talde, og AP leiar soleklart i Skedsmo kommune.
Mandag, 12 september, 2011 - 23:50


Arbeidarpartiets ordførarkandidat i Skedsmo, Ole Jacob Flæten, er særs nøgd med å vere det største partiet.

- Eg er letta, fordi eg skjønar at AP har gjort eit godt val, seier Flæten.

Arbeidarpartiet får heile 40,87 prosent av førhandsstemmene, medan Høgre berre får 26,5. Saman med SV, KrF, Venstre og Pensjonistpartiet, som tidlegare har samarbeidd, har dei raude eit fleirtal på 26 av 47 representantar i kommunestyret.

Ingenting er avgjort

Høgre aukar med trettan mandatar, altså tre fleire enn dei har no. På den andre sida går FrP tilbake med fire representantar. Difor ligg dei blå førelaupig bak dei raude.

- Høgre har også gjort eit godt val, og difor er ingenting avgjort, meiner Flæten.

- Men det er klart eg er veldig nøgd, fortset han.

Alle førhandsstemmene er talde opp, og erfaringar  syner at desse stemmene kjem godt overeins med det endelege valutfallet. Skedsmo har 37200 stemmeberettige.

Betre enn meiningsmålingane

Ei lokal meiningsmåling gjort i juni synte ikkje ei like god prognose for Arbeidarpartiet. Der fekk partiet berre 29,9 prosent, medan Høgre fekk 34,9.

I september snudde det, og Arbeidarpartiet gjekk opp til 35,3 prosent, medan Høgre fekk 28,8.

 

 

Emneord: