- Norsk valdtektslov god nok

The New York Times skriv at Noreg, i motsetnad til mange andre vestlege land, manglar særlover for valdtekt innanfor ekteskap. Norske ekspertar meiner reglementet er tilstrekkeleg.
Tirsdag, 1 november, 2011 - 08:43


I ein artikkel 24. oktober 2011 skriv den amerikanske avisa The New York Times om valdtekter innanfor ekteskap i Noreg, og mangelen på ei lov som særskild tek for seg dette.

- Dette er berre tull, seier cand. jur. og viserektor ved Universitetet i Oslo, Ragnhild Helene Hennum, når ho høyrer om saka.

Under overskrifta «In Norway, Gender Equality Does Not Extend to the Bedroom» set avisa mangelen på ei slik lov opp mot Noreg si leiande rolle innanfor likestilling.

- Den generelle valdtekstparagrafen i straffelova omfattar alle typar valdtekter, også dei som skjer innafor husets fire veggar. Den norske lova fungerer utmerka, og det er dermed ikkje behov for noko lovverk som eksplisitt går inn på ekteskapelege tilhøve, seier Hennum.

Ho peikar på at dei landa med særskilde lover ofte har lågare strafferammer enn Noreg.

Allereie dekkjande lov

Leiar ved Krisesentersekretariatet, Tove Smaadahl, er også fornøgd med dagens regelverk.

- Ei valdtekt er ei valdtekt uansett kor det skjer, og det seier også lova. Me har difor ikkje hatt nokon debatt om dette her til lands, seier Smaadahl.

Allereie i 1974 slo Høgsterett fast at valdtektsparagrafen også gjeld seksuelle overgrep innanfor ekteskap, og Noreg var med dette tidleg ute med ei vid tolking av valdtektsomgrepet.

Fordomsfylt

- Problemet er at offera for denne typen overgrep sjølv ikkje definerer det som valdtekt, forklarer Smaadahl, og viser til utbreidde oppfatningar om at valdtekt ikkje finn stad innanfor samlivsforhold.

- Dette går meir på fordommar, haldningar og skam enn på paragrafar, seier Smaadahl.

Ofte viser det seg at valdtektene kjem i tillegg til fysisk og psykisk vald, men at dei som vert ramma berre melder frå om det sistnemnte.

- For å få dette fram i lyset, er det dermed viktig at tilsette ved både politiet og krisesentera faktisk stiller offera konkrete spørsmål om valdtekt i mishandlingssaker, meiner Smaadahl.

Norge eitt av 127 land utan særskild lov

Artikkelen tek utgangspunkt i ein ny FN-rapport om kvinner si stilling, der det kjem fram at Noreg er eitt av 127 land utan særskilde lover for valdtekt innanfor ekteskap.

Fleirtalet av dei industrialiserte landa i verda, mellom anna Sverige, Danmark, USA og Frankrike, har eigne paragrafer for dette, og denne praksisen vert også tilrådd av Europarådet.

Statistikk frå SSB syner at det i 2010 vart meld om 938 valdtekter, og ifølgje tal frå politiet fann om lag 70% av desse stad innanfor den private heimen.

Samstundes reknar ein med at mørketala er store, og at så mykje som 90% av valdtektene aldri vert melde til politiet.  

Emneord: