LEGO for både store og små

LEGO-interesserte i alle aldrar samlar seg på Norsk Tekninsk Museum i oktober for å bygge med LEGO.
Tirsdag, 6 oktober, 2015 - 13:22


–  Det er fint å få leike litt igjen.

Thomas Fjærtoft er ansvarleg for LEGO-festivalen ved Norsk Tekninsk Museum, og han snakkar nok for fleire vaksne med denne uttalelsen. Tema for festivalen i år er framtids-oppfinningar. Utstillingsborda viser at dei besøkande har god fantasi og er flinke til å bygge.

Årets høgdepunkt

 Morten Dalermoen, leiar i Brikkelauget, seier at LEGO-festivalen definitivt er eit av årets høgdepunkt for dei. Brikkelauget er den norske foreininga som samlar vaksne LEGO entusiastar. Han fortel det brukar å vere mange besøkande gjennom heile festivalen.

–  Det er veldig givande å sjå så mange engasjerte born og vaksne boltre seg med LEGO. Festivalen er definitivt eit av årets høgdepunkt!

LEGO-festivalen 2014 hadde besøksrekord med 30 426 besøkande totalt, fortel markedssjef ved Teknisk Museum Dag Andreassen. Og sjølv om det var fint vêr opningshelga i 2015 tok 3421 personar turen innom Norsk Teknisk Museum og LEGO-aktivitetane .

LEGO for alle

Iril og Matilde LEGO-festivalen 2015For Iril og Matilde (6 år), er LEGO Friends favoritten. Foto: Nicklas KnudsenIril og Matilde (6 år) seier dei bruker å bygge mest med LEGO Friends, for då kan dei bygge med prinsesser. LEGO Friends har skapt kontrovers, nettopp fordi det blir betrakta som jente-LEGO. Brikkelauget har også vore på Teknisk Museum, for å vise at vaksne absolutt er interesserte i LEGO fortsatt.

Utstillingsborda er fyllt av alt frå bilar og tog, romskip, hus som går på fornybar energi og klonemaskiner. Om du er gammal eller ung, teknisk begava eller ikkje; det er noko for deg å drive med under LEGO-festivalen på Teknisk Museum.

Meir program

På vekedagane er det kun byggområdet ,ed LEGO som er tilgjengelig. Men på helg er det fleire arrangement som konkurransar, bygging av mega-konstruksjonar og bygging av kjente motiv frå filmar osv. Torsdag 15. oktober arrangerer Teknisk Museum SENT LEGO-fest. Dit skal det kome folk å snakke om ny teknologi  og LEGO, det blir moglegheitar for å lage LEGO-film sjølv og ein kan bygge bilar i Nerdy Derby. SENT LEGO-fest har diverre 18-års aldersgrense.

Fullstendig program for LEGO-festivalen finner du HER.

Tags: