Etterlyser bullshitradar

Kunnskapsministeren meiner sjølvstendig tenking og praktisk erfaring er ein nøkkel til å klare seg i arbeidslivet.
Mandag, 20 januar, 2014 - 14:52


Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kom med klare oppfordringar til Høgskolen i Oslo og Akershus, og alle dei andre frammøtte på konferansen Dannelse i praksis – utdanning for morgendagens arbeidsliv. Heildagskonferansen er i regi av Høgskolen i Oslo og Akershus, og hadde fullt hus då ministeren var på besøk.

Løysinga er å tenke sjæl

- Ein viktig del av dannelse er å lære seg å tenke på eiga hand og å tenke kritisk, sa Torbjørn Røe Isaksen. Han meiner ein føresetnad for å kunne tenke godt og kritisk rundt ein profesjon er å vere tett på praksis.

Røe Isaksen meiner at ein må lære å vurdere eigne kjelder og lære å ta eigne val.

- Som ein professor på Columbia University sa, høgare utdanning må gi studentane ein solid bullshitradar, sa han.

Vil ikkje ta ansvar

Kunnskapsministeren ga tydeleg beskjed om kva han meiner er viktig for dannelse til arbeidslivet, men vil ikkje sjølv forplikte seg til å finne ut korleis visjonane om dannelse skal bli overført til reelle mål i høgare utdanning. Denne oppgåva vil han overlate til utdanningsinstitusjonane å løyse.

- Nøkkelen for korleis ein kan byggje vidare på dannelsesideala som fins i høgskular og universitet i Noreg, er at dei sjølve må gjere mykje av jobben.