Sykkelvegnettet utsatt – igjen

Etter utallige utsettingar er planane for ferdigstilling av sykkelvegnettet i Oslo nok ein gang utsatt.
Tirsdag, 21 januar, 2014 - 12:20


Den siste lovnaden frå byrådet i Oslo var at sykkelvegnettet skal ferdigstillast i 2018. Dette ser no ut til å sprekke, melder Osloby.no. Slik det ser ut i dag gjenstår 48 kilometer av planen for hovudsykkelvegnettet i Oslo, noko som betyr at Oslo kommune må byggje i gjennomsnitt åtte kilometer med sykkelveg kvart år fram til 2018.

Byråd usikker på frist

Byråd for samferdsel og miljø, Guri Melby, innser at dette ikkje er realistisk.

- Vi ser at utbyggjinga går for sakte. Det blir vanskeleg å få til åtte kilometer årleg, seier byråden til Osloby.no. Melby vil ikkje slå fast når sykkelvegnettet i Oslo vil bli ferdig, før ein ny sykkelstrategi er klar.

- Det handlar om vilje

Hulda Tronstad i Syklistenes landsforening er ikkje imponert, og meiner at problema med sykkelvegnettet kunne ha vore unngått.

- Vi ser det igjen både i kommunale sykkelstrategier og i statlige sykkelstrategier. Det handler om vilje, sier Tronstad til Osloby.no.

Emneord: