Instagram fyller 5 år

Instagram vart lansert i 2010. På 5 år har dei vokst frå 25 000 til 400 millionar profilar.
Torsdag, 8 oktober, 2015 - 14:48


Når Instagram vart lansert i 2010 var appen berre tiltenkt foto-nerdar. No har bildedelings-appen vokst til over 400 millionar profilar, og det ser ikkje ut som veksta kjem til å stoppe med det første.

Då og no

Berre lanseringsdagen til Instagram vart appen lasta ned 25 000 gonger. Grunnleggjarane Kevin Systrom og Mike Krieger hadde ikkje andre ambisjonar for appen, enn at den skulle vere betre enn andre bilde-appar.

No seier 48 prosent av alle nordmenn at dei bruker sosiale media samtidig som dei ser på TV, og 58 prosent meiner at likes og kommentarar er viktig motivasjon for å poste bilete.

Når Instagram vart lansert hadde det berre eit filter, og folk delte bilete frå kvardagen sin. No blir Instagram dominert av selfies, og det er folk som har blitt kjend kun gjennom Instagram-profilane sine. I dag er det fullt mogleg å leve eit svært komfortabelt liv berre ved hjelp av ein populær Instagram-konto. Reklamering via Instagram er den nye store måten å reklamere på.

Dei mest likte bileta

Kjendisane har også lagt sin elsk på Instagram. Dei deler augeblink frå kvardagen sin, som folk ikkje ville hatt tilgang på elles. Det er kjendisane som dominerer dei mest likte bileta. Instagram er ikkje berre ein app for det mest glamorøse, men også for å vise dei små augeblikka i kvardagen.

Her er dei mest likte bileta frå kvart år sidan Instagram vart lansert:

 

mest likt 2010Det meste likte biletet på Instagram 2010. Foto: Kevin Systrom, Instagram. Dette var det mest likte biletet på Instagram i 2010. Det vart lagt ut av grunnleggeren Kevin Systrom.

 

 

 

 

 

 

mest likt 2011Det mest likte biletet på Instagram 2012. Foto: Justin Bieber, Instagram. Justin Bieber hadde det mest likte biletet på Instagram i 2011. På biletet ser du Justin saman med faren sin, veslebroren Jaxon og veslesystra Jazmyn.

 

 

 

 

 

 

mest likt 2012Det mest likte biletet på Instagram 2012. Foto: Louis Tomlinson, Instagram.Louis Tomlinson la ut det mest likte biletet på Instagram i 2012. Biletet er av Tomlinson saman med Zayn Malik, og dei er utkledd til Halloween.

 

 

 

 

 

 

mest likt 2013Det mest likte biletet på Instagraam 2013. Foto: Justin Bieber, Instagram.Justin Bieber hadde også det mest likte biletet på Instagram i 2013. Han er avbilda saman med skodespelaren Will Smith.

 

 

 

 

 

 

mest likt 2014Det mest likte biletet på Instagram 2014. Foto: Kim Kardashian, Instagram. Dette biletet frå bryllupet mellom Kim Kardashian og Kanye West var det mest likte på Instagram i 2014. Dei er avbilda frå sjølve vielsen.

 

 

 

 

 

 

kendall jennerDet mest likte biletet på Instagram nokonsinne og i 2015. Foto: Kendall Jenner, Instagram. Modellen Kendall Jenner har det mest likte biletet på Instagram til no, og det er også det mest likte biletet på Instagram i 2015. Ho er avbilda etter ei visning for klesmerket Chanel i Paris våren 2015.

 

 

Emneord: