Trump tippa av leiar-trona

Ben Carson går forbi Donald Trump i fersk meiningsmåling blant republikanske veljarar
Tirsdag, 27 oktober, 2015 - 15:22


For første gong sidan juli ligg ikkje presidentkandidat Donald Trump i tet blant republikanske veljarar, visar ny meiningsmåling frå The New York Times. Finansmannen er teken att av tidlegare nevrokirurg Ben Carson.

Carson er for augneblinken den mest populære kandidaten i valkampen med 26 prosent oppslutning, framfor Trump som no har 22 prosent oppslutning. Det er ei auking på fem prosentpoeng for Carson, medan nedgangen for Trump er på tilsvarande fem prosentpoeng.

Målinga visar også at mange republikanarar enno ikkje har bestemt seg for kven dei skal stemme på. Berre 28 prosent oppga at dei var sikre på kva for kandidat dei kom til å velje framfor valet i 2016.

Emneord: