Feira verdas bokdag

23.april er verdas bok – og opphavsrettsdag, òg kalla verdas bokdag.
Onsdag, 23 april, 2014 - 14:24


Markeringa av bokkunsten vart vedteke i 1995 av FNs generalforsamling for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon (UNESCO).

Målet med bokdagen er å markera boka si rolle i samfunnet, boka som uttrykksform, samt språkleg og kulturelt mangfald. Dagen skal oppmuntra til lesing og utgiving av bøker, samt sikra forfattarens opphavsrett. Verdas bokdag baserar seg på ein gamal tradisjon frå regionen Cataluña i Spania, der ein kvart år på sama dag sette byen i bokas teikn.

At markeringa er lagt til 23.april er ikkje tilfeldig. Datoen har i lang tid vorte knytta saman med bøker grunna forfattarar som Cervantes, Shakespeare og Garcilaso dela Vega dø på denne dagen.

Verdas bokdag vert feira i over hundre land. I Noreg har ein feira bok – og opphavsrettsdagen sidan 1997. Dagen vert markert hjå bokhandlarar, bibliotek og skular over heile landet.

Tags: