Blodlageret er tappa

Røde kors-klinikken i Oslo kan fortelje at blodlageret ikkje har ynskt mengde blodposar.
Tirsdag, 28 oktober, 2014 - 11:51


Avdelingsleiar ved Røde kors-klinikken i Oslo, Marte Johansson-Kjellerød, forteljer til Journalen at blodlageret i Oslo ikkje er so fullt som dei ynskjer.

– Nedre tiltaksgrense for blodtypen 0 -  er 80 posar, og i dag har me 68 posar, forteljer Vibeke Svenningsen, fagsjef for Blodbanken i Oslo og legg til at dette fører til at andre ting vert utsett, som operasjonar.

No som hausten kjem vert det mindre blod i banken, både av di det er influensasesong og av di folk reiser på ferie til fjerne strøk og får karantene.

– Oslo er ein stor by med sjukehus som har landsdekkjande funksjonar. Dei som gjev blod i hovudstaden er like flinke som ellers i landet, men behovet for blod er størst i dei store byane som til dømes Oslo, Bergen og Trondheim, seier Svenningsen.

Belastninga er større i Oslo, men trass dette kan Johansson-Kjellerød fortelje at det på ein lang dag er innom omkring 50 blodgjeverar på Røde Kors-klinikken og rundt 100 blodgjeverar på Oslo Universitetssjukehus. I tillegg til dette kan ein gje blod ved blodbussen som står ved Jernbanetorget kvar fredag.

I blodbanken i Oslo hadde dei i 2011 17 655 aktive gjeverar. Dette er eit tal dei ynskjer at skal auke til 20 000, slik at dei har fleire som kan gje blod i feriar.

Dersom sjukehusa i Oslo har lite blod har dei samarbeidsavtalar med andre byar i områda rundt Oslo.

– Me har ikkje tappekran i veggen, so me kastar ikkje blod, avsluttar Svenningsen.

 

Emneord: