Nordmenn spring meir enn nokon gong

Men ikkje overdriv, åtvarar ekspertar. Her er ti teikn på at du trenar for mykje.
Onsdag, 23 april, 2014 - 12:49


Nordmenn spring som aldri før. Kjell Vigestad har jobba i bladet Kondis i ei årrekkje og har fylgt laupsbølga sidan 80-talet.

– Mosjonslaup er meir populært enn nokon gong, seier han til Aftenposten.

Sunt å jogga

Argumenta er mange for å finna fram springeeskoa. Lauping trenar heile kroppen, det gjev god kondis og ein forbrenn mykje. Lauping kan redusera brystkreftsrisiko, minska menssmerter, samt forebyggja hjarteproblem. Forskning syner òg at å springe utandørs forbyggjer stress og motverkar depresjon.

Hjerneforskarar ved Göteborg universitet har funne ut at nokre joggeturar i veka òg kan gjera deg smartare. Regelmessig og langvarig kondisjonstrening syner seg å betra hugset. Jogging er effektivt for at hjerna skal danna nye celler og aukar den kognitive evna. Kor mykje ein treng å trena for at det får ein effekt på hjerna er individuelt, men tre gonger i veka er ein god målestokk, meiner dei svenske forskarane.

JoggingFolk spring til Frognerparken vert mørklagt. Foto: Eirin Nilssen VikørenPopulært med laup

Vigestad meiner morsjonslaup er vorte eit byfenomen. I hovudstaden er det Sentrumslaupet, Holmenkollstafetten og Oslo Maraton som er dei store laupa. Sentrumslaupet går av stabelen allereie til helga og har heile 10 000 påmeldte. Holmenkollstafetten fylgjer tett og startskotet smell 10.mai. På 15 etappar skal over 3000 lag konkurrere seg gjennom byen. Arrangementet har aldri hatt så mange påmeldte før.

Neste laup er ikkje før i september, men ein ligg ikkje på latsida av den grunn. Oslo Maraton er i sterk vekst, og kvar laurdag arrangerer dei laupstrening ved Sognsvann.

– Ingen suksess kjem av seg sjølv, avsluttar Vigestad til Aftenposten.

RADIO: Me tok turen til Frognerparken for å høyre kva forhold folk har til jogging.

MaratonDet er viktig å lytta til kroppen. Mange spring trass skadar. Foto: Ed UthmanViktig å ikkje overdriva

Laupeekspert, Kristin Roset, seier det er viktig å vera forsiktig når ein byrjar å springa. Det er ingen grunn til å verta overivrig og springa av stad.
— Gjer du det, kan du gå på ein skikkeleg smell. Sjansen for å få skadar aukar, seier ho til Shape up.

Farane ved å overtrena er at formen vil stagnera, eller i verste tilfellet, gå attende. Ein vil få mindre overskot og humør, psyke og søvn vil verta påverka. Ein vil byrja å frysa lettare grunna kroppen sin temperaturregulering vil verta påverka. Forbrenninga vil òg synka.
 

Teikn på overtrening
 

  1. Du vert svakare og yt dårlegare på trening
  2. Humørsvingingar og konsentrasjonsvanskar
  3. Det kjenner deg utmatta
  4. Det gjer ilt
  5. Langvarig støl etter trening
  6. Du vert oftare sjuk
  7. Du får ikkje sova
  8. Du mistar matlysten
  9. Høg puls
  10. For jenter kan mensen utebli

For å unngå overtrening er det viktig å variera treninga. Eta nok karbohydrater og protein, samt få nok søvn. Høyr på kroppen og la han kvila.
— Ikkje få dårleg samvit om du lyt droppa to eller tre økter, seier Lars Mæland til Shape up.

Han er personleg trenar og faglærar ved Active Education. Han seier at det er viktig å tenkja langsiktig og ta avbrekk i treninga ved skadar eller overbelastning. Samstundes legg han til at ein må slutte å samanlikne seg med andre.

— Me har alle ulike utgangspunkt. Samanlikn deg med deg sjølv, avsluttar han.

 

Tags: