Solskjær: – Uavgjort er ikkje godt nok

Ole Gunnar Solskjær og Cardiff har kniven på strupen med berre to kampar igjen å spele i Premier League.
Fredag, 25 april, 2014 - 14:04


– Når du ser på tabellen er denne kampen like viktig for oss og Sunderland, sa Cardiff-manager Ole Gunnar Solskjær under ein pressekonferanse fredag, ifølgje Wales Online.

Før kampen låg Cardiff på 18.-plass i Premier League med 30 poeng. Berre Fulham (30) og Sunderland (29) er bak. Norwich på trygg plass hadde 32 poeng, West Bromwich hadde 33 poeng på 16.-plass.

– Kampen mot Sunderland søndag er ein sjanse for oss til å hente poeng vi treng for å kanskje halde oss, sa den tidlegare Molde-manageren.

Vil ikkje svare på eitt spørsmål

På pressekonferansen var Solskjær tydeleg på at uavgjort ikkje er godt nok for verken Cardiff eller Sunderland. Dermed kan det raskt bli eit spennande oppgjer med to angrepsvillige lag på Stadium of Light søndag klokka 13.00.

I tillegg til kampen borte mot Sunderland, møter Cardiff Newcastle borte og Chelsea heime. Før den tredje siste kampen vil han ikkje svare på eitt spørsmål: Er Cardiff nedrykksklare med tap søndag?

– Eg vil ikkje svare på det før etter kampen, opna Solskjær.

– Vi vil ikkje gå inn i kampen og vere uroa for kva alle andre tenkjer. Vi skal dit og få jobben gjort, sa Cardiff-manageren vidare til det oppmøtte pressekorpset.

Møller Dæhli får truleg fornya tillit

Cardiff har tre nordmenn i troppen sin. Magnus Wolff Eikrem og Jo Inge Berget har slite med lite speletid, men talentfulle Mats Møller Dæhli har fått tillit i dei siste kampane.

19-åringen frå Oslo får truleg tillit borte mot Sunderland òg. Han viste seg fram frå ei god side då Cardiff fekk med seg eitt poeng i 1-1-kampen mot Stoke. Ein annan spelar fekk derimot merksemda på pressekonferansen - nemleg Craig Bellamy som er tilbake frå skade.

– Han vil vere involvert, vi får sjå om det er frå start eller om han kjem inn. Uansett er han ekstremt viktig i ein kamp som dette, sa Solskjær.

Det viktigaste, uansett lag frå start, blir derimot siger og tre poeng. Då må heile laget vere budde, kommenterte Solskjær.

– I ein vanleg sesong ville eitt lag ha blitt liggande i botnen åleine, men i år er det annleis. Det er tett i botnen og i toppen, avslutta Ole Gunnar Solskjær.

Tags: