Strammar inn netthandel for å redde valuta

Argentina har innført ein rekke restriksjonar på handel frå utlandet.
Onsdag, 22 januar, 2014 - 08:40


Alle varer som blir sendt til Argentina frå nettbutikkar i utlandet, skal no gjennom ein streng tollkontroll før dei blir sendt til mottakaren. Kvar argentinar kan importere varer for 150 koner i året utan å betale toll, men med den nye lovgjevinga er det no femti prosent toll på alle beløp over dette, melder BBC.

Den nye loven er eit tiltak for å redde dei argentinske valutareserva, som har sunke med 30 prosent det siste året.

I tillegg til dette har den argentinske presidenten, Cristina Fernandez de Kirchner, innført ein rekke nye restriksjonar på transaksjonar med utanlandsk valuta, som til dømes 35 prosent toll på bruk av betalingskort i utlandet.

Argentina har i fleire tiår hatt store valutaproblem, og hadde rundt tusenårsskiftet ei økonomisk krise som endte med devaluering av valutaen.

Emneord: