Åtvarar Russland og Putin

I ei svært hard utsegn natt til torsdag norsk tid, gjekk USA sin utanriksminister John Kerry hardt ut mot Russland og Vladimir Putin. Han meiner dei må betale dyrt om dei ikkje etterlever Genève-avtalen dei underteikna førre veke.
Fredag, 25 april, 2014 - 09:02


– I sju dagar har Russland nekta å ta eitt einaste konkret steg i rett retning. Ikkje éin einaste representant frå den russiske regjeringa har gått offentleg på ukrainsk TV og oppfordra separatistane til å støtte nedtrappinga, oppfordre til å legge ned våpena deira og kome seg ut av dei ukrainske bygningane, sa ein tydeleg Kerry til eit stort oppmøtt pressekorps.

Saman med forsvarsminister Chuck Hagel anklaga han Russland for «ei farleg og provoserande destabilisering», i følgje NTB.

– Ei opptrapping frå Genéveavtalen

Ifølgje USA sin utanriksminister vil Russland måtte betale dyrt om dei ikkje endrar kurs og etterlever Genève-avtalen dei underteikna med Ukraine førre veke.

– Dette går no i stikk motsett retning av kva russerane underteikna, og avtalen som vi inngjekk førre torsdag, sa han.

– Dette er ikkje ei nedtrapping, men ei opptrapping, sa forsvarsminister Hagel.

Tapt $70 mrd.

Ifølgje The Telegraph understreka Kerry korleis internasjonale sanksjoner allereie spelte inn på den russiske økonomien, då investorar skal ha flytta 70 milliardar dollar frå russisk økonomi.

– Det vil ikkje berre bli ei svær tabbe av Russland, men også ei kostbar tabbe, sa han i følgje Telegraph.

Emneord: